Kven skal eige kysten?

Meninger
0

Det siste året har me sett ei ny bylgje av konsolidering og strukturendring i havbruksnæringa. Kven kjem til å eige næringa i framtida?

Havet er Norge sin fremste naturressurs. På havet har nasjonen bygd ei moderne fiskerinæring, oljenæring, havbruksnæring og skipsfart. Verft og verkstader, teknologibedrifter, salsapparat, prosessanlegg og leverandørnæring har vakse fram frå stammen av desse næringane. Fleire ynskjer å bygge på havet sin ressursrikdom, energi skal produserast med vindturbinar på sjøen.

Kven har hatt nytte av havnasjonen sine verdiar? Alle nordmenn. Havet har gjeve mat og energi, varer har kome inn og reist ut sjøvegen. Havet har sysselsett folk, og havet har skaffa skatteinntekter og valutainntekter for landet.

Den globale kapitalen
Kapitalen og eigarskapet flyt i dag fritt over landegrenser. Eigedom, rettigheiter og selskap blir kjøpte og selde på tvers av kloden. Investeringar blir sikra gjennom global kapitaltilgang. Når alt går bra og alle er forlikte, merkar dei fleste lite til dette i det daglege. Men når konfliktar og uro oppstår, blir desse banda meir synlege. Den globaliserte kapitalismen knirkar i ledda.

I oppdrettsnæringa har tyngda av eigarskap i løpet av nokre tiår flytta seg frå lokal pionerånd til finansmarknaden. Dei store verdiane og den kapitalintensive drifta har ført til at om selskap og konsesjonar skal skifte hender, så blir det helst dei kapitalsterke som kan løyse det ut.

Men kva kapital vil vi då snakke om fram i tid? Kven kjøper dei små og mellomstore selskapa om desse kjem for sal? So langt har det stort sett vore norske og norskdominerte miljø. Store selskap med stabile eigarar. Men kva om desse eigarane vel å selje seg ut? I so fall kan globale fond eller industrikonglomerat langt borte sitje med tyngda i næringa når som helst.

Kva konsekvensar får det?
Er det so farleg? Det finst ikkje eit kort og endeleg svar på det spørsmålet. Gode og mindre gode eigarar kan ha sin base kvar som helst. Men for det lokale perspektivet for ei primærnæring, kan ein lett bli litt mismodig av å tenkje på at den overordna styringa skal vere utan ansikt og langt borte frå der produksjonen går føre seg.

For skatteinntektene frå næringa, er det og ei usikkerheit knytt til at stadig meir vert eigd frå andre land. Utanlandske eigarar betalar ikkje formueskatt til Norge. Investeringsfond betalar ikkje formueskatt. Dei norske private eigarane av næringa må betale både i pose og sekk. Ei ny produksjonsavgift er alt på plass. Hardare formueskattlegging av konsesjonane er på veg, saman med skjerpa skatt på utbytet som må til for å betale skatten. Det vil gje meir skatteinntekter ei stund, men på sikt kan det godt innebere at næringa kjem over på hendene til kapitalen som vrir seg enklast unna skattlegging.