Måløy Vekst og 38 aktørar i fiskeri- og havbruksnæringa ber Vestland fylkeskommune om å bevare akvakultur-tilbodet ved Måløy vidaregåande skule.
Vestland fylkeskommune har lagt fram eit forslag om å kutte TAF/YSK-tilbodet – eit fireårig løp som kombinerer studie og arbeid, og der akvakulturlinja inngår – ved Måløy vidaregåande skule (i gamle Sogn og Fjordane).
Som konsekvens vil ein ikkje lenger ha eit YSK akvakultur-tilbod i fylket.
Opprop
Derfor har 38 aktørar frå næringslivet gått saman med Måløy Vekst om eit brev til fylket. Dei meiner at å kutta utdanningstilbodet ikkje står i stil med Vestland fylkeskommune si eiga tilnærming til grøn omstilling, og målet om å «ta posisjonen som den globalt leiande havregionen».
«Å kutta ei framtidsretta utdanning med sterk tilknyting til næringslivet står ikkje i stil med ønsket om å utvikla kompetanse ein treng for å byggje ein leiande havregion» skriv dei i brevet.
Dei meiner at YSK akvakultur-linja er eit viktig utdanningstilbod for havbruksnæringa i regionen, som skapar store verdiar for samfunnet og bidreg til sysselsetjing og levedyktige lokalsamfunn på kysten. No ber dei fylkespolitikarane om å sørgja for at tilbodet består.
Brevet er signert mellom anna av MOWI, Coast Seafood, Viking Aqua, Marø Havbruk, Bue Salmon og Sande Settefisk.
Hjerneflukt?
Dei påpeiker at den samla verdiskapinga frå næringa i Vestland var på nesten 20 milliardar kroner i 2022 – og at Vestland er det største havbruksfylket i landet, målt i produksjon. Å fjerne tilbodet vil føre til at regionen mister ei viktig kjelde til kompetanse og rekruttering.
«Det er kamp om desse elevane frå næringa, og dette er einaste YSK akvakultur-
linja i Vestland» skriv dei.
Det er fire plassar ved tilbodet på Måløy kvart år, der 14 i dag er elevar. For skuleåret 24/25 har linja ni søkarar. Dei som kjemper for tilbodet meiner at søkartala motviser fylkeskommunens argument om for dårleg elevgrunnlag, og at ein heller burde auke talet elevplassar for å møte etterspurnaden og næringa sitt behov.
Fylkeskommunen foreslår også å kutte YSK Marin-linja ved Fusa vidaregåande. Næringsaktørane meiner dette vil gjere at elevar frå Vestland som ønskjer å gå eit TAF/YSK-løp innan akvakultur blir tvinga til å flytte vekk.
«Kanskje heilt til Sandnessjøen, kor ein då vil finne det næraste tilbodet. Å sende elevar vekk frå sin heimregion for å studere vidaregåande utdanning kan i ytste konsekvens føre til avfolking av lokalsamfunn».