– Kjem det krav om at alle anlegg skal opp på land, vil Norge tape og utlandet overta

Nyheter
1447

Inge Helge Vassbotten er spent på kva som skjer med rammevilkåra for næringa framover, og på kva den nye fiskeriministeren, Harald Tom Nesvik (Frp), vil gjere. 

Han er klar på at norsk oppdrettsnæring si framtid ligg i havet.

– Kjem det krav om at alle anlegg skal opp på land, vil Norge tape og utlandet overta. Då vil produksjonen bli flytta nærare dei store marknadene, seier Inge Helge Vassbotten til Firda.

Saman med sonen Alex (55) eig han oppdrettselskapet Steinvik Fiskefarm og har óg ein stor eigarpost i eksportfirmaet Seaborn i Bergen.

Dei to lakseoppdrettarane frå Eikefjord i Sogn og Fjordane har i år blitt oppdaga av Kapital, og funnen rike nok til å bli rekna med på Kapital si 400 rikaste liste. Dei deler 362. plassen med ein formue på 825 millionar kroner – kvar.

– Eg visste ikkje at eg er der. Slike lister har liten betydning. Eg føler ikkje at eg er rik, og eg er ikkje annleis enn eg alltid har vore. Det trur eg dei som kjenner meg også vil seie. Pengar er berre eit middel til aktivitet og utvikling, seier jaktglade Inge Vassbotten.

– Ja, eg reiser på dyrare jakturar enn før. Noko «idiotisk» må ein ha å gjere på. Eg vil ikkje ligge på sotteseng og angre på alt eg burde ha gjort, seier han.

Inge Helge Vassbotten var snikkar og dreiv gard då han så smått starta med lakseoppdrett i 1981. Det første året selde han laks for 170.000 kroner.