Kinn må få politikk å leve av

Kinn kommune er ein av landets viktigaste sjømat-kommunar. I fjor kunne ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) fortelje iLaks.no at kommunen er den fjerde største i landet når det gjeld sysselsetting, og på sjuande plass når det gjeld verdiskaping.

I Kinn finn vi bedrifter i alle sjømat-næringane: Reiarlag knytt til fiske, fangst og havbruk. Leverandørbedrifter som til dømes verdsleiande Selstad i Måløy og landets største fôrfabrikk Cargills i Florø, samt fleire fiskeindustribedrifter. Eit blikk på eksporttala er òg imponerande. Måløy-bedriftene Coast Seafood og Star Seafood og Florø-bedriftene Bravo Seafood, Norwell, Skaar Norway og Kjellsea selde fisk til ein verdi av 13 milliardar kroner i 2022. Dette i ein stolt eksporttradisjon som går tilbake til pionerbedrifter som Kvalheim & Osmundsvåg, Skaarfish og Domstein.

Kystkommunen er òg sterke på havbruk. Forutan dei største selskapa i landet, gjer mange lokaleigde selskap seg sterkt gjeldande; som Steinvik Fiskefarm, Svanøy Havbruk, Marø Havbruk og E. Karstensen. Dei tre siste har nå flytta inn i Hamnehuset på Fugleskjærskaia i Florø. Her har dei skapt eit unikt fag- og samarbeidsmiljø som ikkje berre vil gjere selskapa betre, men òg gjere det lettare å rekruttere arbeidskraft i åra framover.

I førre veke deltok vi på eit møte Flora Industri og næringsforening arrangerte med nokre av sjømatbedriftene i Florø, særleg knytt til havbruk. Formålet var å få vite meir om dei store utfordringane næringa har, men òg å få fram muligheitene og potensiale.

La det vere sagt med ein gang: Ei større og sterkare samling med positive, satsingsvillige og offensive folk skal du leite lenge etter! Viljen til utvikling og berekraftig vekst er til å bli glad av. Ikkje minst var havbruket klar til å ta sterkare grep kring utfordringane knytt til miljø, lus og fiskehelse.

Men rekka av problem og utfordringar er nå blitt svært lang, og fleire av bedriftene uttrykte svært stor bekymring for framtida.

Hausten 2021 foreslo førre regjering ei regelendring for verdsetting av eldre oppdrettskonsesjonar, samtidig som det blei lagt opp til ein generell reduksjon av formueskatten. Forslaget blei følgt opp av Støreregjeringa, men i staden for å redusere formueskatten blei denne rett og slett dobla. Alt dette har gitt havbruksselskapa store utfordringar.

Det store sjokket kom likevel eit år seinare. Over natta kunngjorde regjeringa frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet innføring av ein særskilt distriktsskatt (lakseskatt) for havbruket på 40%, og at den skulle begynne å verke allereie nokre veker seinare. Lakseskatten blei vedtatt av Stortinget våren 2023, og med ein skatteprosent på 25. Det nærmar seg nå 2 år sidan Støreregjeringa kom med lakseskatten, og framleis er det mange sider ved skatten som er uklar, ikkje minst det som har å gjere med normpris-ordninga.

Lakseskatten har alt fått store negative verknader, og dette gjeld òg dei havbruksselskapa som i utgangspunktet skulle bli skjerma. NHHS Consulting har dokumentert at investeringar på over 30 mrd har stoppa opp. På møtet i Florø blei det vist til at lakseskatten òg har fått store negative konsekvensar lokalt, og det blei vist til fleire døme. Eit av desse var Slakteriet i Florø som måtte sette investeringar på 1,2 mrd i nytt slakteri på vent.

Som om dette ikkje er nok, har havbruket på Vestlandet fått nedtrekk i produksjonen for tredje året på rad. Havbrukselskapa meiner denne bruken av trafikklys-systemet er uriktig av fleire grunnar. Vestlandet taper nå dessverre terreng som havbruksregion.

For sjømatnæringane er det ekstra frustrerande at dei største utfordringane er politisk skapt. Det kan det gjerast noko med. Det trengst ny politikk.

For Høgre er det viktig at formueskatt på arbeidande kapital blir redusert og tatt bort. Skatt på norsk eigarskap er svært uheldig for verdiskaping og arbeidsplassar, og dette gjeld særleg i distrikta. Tema er allereie blitt ei viktig sak fram mot neste stortingsval, og vil kunne avgjere regjeringsspørsmålet i 2025.

Høgre stemte mot lakseskatten på Stortinget, både pga skattenivået og skatteordninga. Vårt standpunkt var at eksisterande produksjonsavgifts-ordning var god. Samtidig har vi – på same måte som havbruksnæringa – sagt at det er rom for noko høgre skattlegging. Vi vil arbeid for ein vesentleg lågare skatt enn dagens sats, og ei skatteordning som er enkelt og rimeleg å praktisere. Kravet er at den ikkje hindrar nye investeringar, utvikling og berekraftig vekst. Vi vil altså gi havbruket betre rammevilkår.

I vår tok Høgre initiativ til at regjeringa skulle forsere arbeidet med havbruksmeldinga når det gjaldt miljøfleksibilitet-ordninga, og forslaget blei nesten samrøysta vedtatt på Stortinget. Regjeringa må derfor allereie i år få på plass ei teknologinøytral miljøfleksibilitetsordning som skal sikre utvikling og innovasjon, redusere miljøavtrykk og redusere lusepresset. Den skal vidare gi incentiv for låg og nullutsleppsteknologi, omfatte eksisterande og framtidige konsesjonar, og kunne nyttast på produksjonsvolum som er trekt ned etter trafikklysordninga. Dette er blitt svært godt mottatt, ikkje minst på Vestlandet. Dette er likevel ikkje nok. Høgre vil òg følgje opp saka om nedtrekket på andre måtar, og vil kome tilbake til det.

For Høgre er det òg vesentleg å få reetablert gode, stabile og føreseielege rammer for næringslivet. Den svært uheldige politiske risikoen Støre-regjeringa har skapt, må bort.

Kinn kommune er heldig. Plasseringa ved havet har gitt kommunen mange flott bedrifter og arbeidsplassar innan dei maritime næringane, sjømat-næringane og petroleumsnæringane. Slik vil det òg vere i framtida. Ja, potensiale er faktisk større enn nokon gang. Eit minstemål må då vere at det blir ført ein politikk som gjer det råd å realisere dette potensialet.