Kapitalen si kvern

Meninger
0

Tid om anna skjer der oppkjøp og fusjonar i oppdrettsnæringa som gjere at talet på aktørar blir færre. Kvifor vel nokre eigarar å gå ut av denne lukrative næringa? Der er nokre mekanismar som tilsynelatande uunngåeleg fører næringa mot eit oligopol.

Det ser nesten ut til at sal av oppdrettsselskap kjem i bylgjer. Etter rolege tider, kjem der plutseleg fleire eigarskifte. Det er truleg litt tilfeldig og litt syklisk. For næringa går i bylgjedalar, alle involverte veit dette. Når diskusjonen gjekk høgt om næringa si lysande framtid, brukte min gamle ven og kollega Jostein Kråkås å seie; -Det er berre ein ting som er sikkert, lakseprisen kjem ned att. Prisfalla har ofte kome like brått som ei sommarleg regnskur. Det kan vere freistande å kome seg ut på ein topp. Eller nødvendig, om du ikkje har rygg til å ta ein tung nedtur.

Familieselskapa si sårbarheit
Som ansvarleg eigar i oppdrett har du to val; å ha begge hender på rattet, eller å delegere stor tillit til innleigde krefter. Store avgjerder må kunne takast kjapt, for å berge fiskevelferda og verdiane. I pressa stunder går det i eitt, natt og dag. Du kan ikkje sitje og stø deg på ein langsiktig strategi som er framme og blir pussa på kvar generalforsamling.

Verdiane av oppdrettskonsesjonar har og vakse fort, omvendt proporsjonalt med viljen til å tildele nye. Dette gir fleire ting å tenkje på; fordeling av arv, sikring av verdiar og tilgangen på kapital for å vere med på vekst framover. Anlegg og utstyr har blitt dyrare, med strenge krav til sertifisering. Dessutan har driftskostnadane eskalert.

Generasjonsskifte er eit ord som kan få folk til å svelge tungt. Det er mykje på spel når ein ny generasjon skal ta over verksemder som gjerne er mykje større og mykje meir komplekse enn dei var i sitjande generasjon sine unge dagar. Oppdrettsnæringa har vakse fort, og ho har gått frå at dei fleste hadde nokre anlegg i nærleiken av heimen, til at mange no driv med ei stor utstrekning og mykje folk i sving.

Nokre meiner eigarskapen ikkje bør delast ut på for mange, at ein bør ha ein slagkraftig hovud- eller eineeigar. Men korleis løyse ut andre arvingar? Og er det gjerne tryggare å flytte kapitalen til eigedom og andre tryggare hamner? Er næringa på ein historisk topp? Og vil dei minste bli rista av? Dette er spørsmål ein kan stille seg når ein skal vidareføre ei familieformue som er knytt til lakseoppdrett.

Uansett vil det være avgjerande å finne ein struktur der det er god kommunikasjon mellom eigarane. Ein må unngå opprivande diskusjonar, som kan føre til langvarige konfliktar og i verste splitte familie og nære vener. Ein må finne ei form som gjev langsiktigheit og kraft, både til og ta avgjerder og ha tolmod gjennom tunge bakkar.

Nokre år attende gjorde eg og ei samanlikning mellom fråfallet av aktørar i landbruket og i havbruket. Sjølv om innteninga ligg i kvar sin ende av skalaen, meiner eg der er nokre felles problemstillingar knytt til at begge næringane er prega av familieeigarskap. Det å finne motiverte og kvalifiserte kandidatar i kvar generasjon er ikkje enkelt. Om ein frigjere seg frå husdyrhaldet, får ein saktens tid til å fylgje andre draumar.

Stor kapital og små aktørar
Der storkapitalen slår seg ned, skjer det store endringar. Der kjem inn andre tankesett, på godt og mindre godt. Dressar overtek for kjeledressar, men der blir og tilført mykje innovativ kreativitet. Der blir investert mykje i vekst. Og der det finst stor investeringsvilje, går prisane opp.

Eg har sagt før at dei høge konsesjonsverdiane er kjekke for dei som skal selje oppdrettsselskap, og mindre praktiske for dei som skal drive oppdrettsselskap. Sjølvsagt er det litt forenkla, for konsesjonsverdien er ein eigenkapital som er nyttig for finansieringsføremål. Men det har og gjort at veksten har blitt kostbar. Det krev investeringskraft å ikkje hamne bak.

Moderne selskap driv med ein heilt annan ståande biomasse (varelager) enn det ein gjorde nokre tiår attende. Det betyr at ein må bruke store ressursar på å bygge biomasse. For mindre selskap med meir ujamn utslakting blir likviditeten enno meir krevjande. Ein er avhengige av eit godt forhold til banken. For nokre er dette eit ømt punkt; i tidlegare tider finst der nok av eksempel på oppdrettarar som vart rana av banken sin, Dei vart ofra og konsesjonane vart henda over til ein meir føretrekt kunde.

Siste mann tar alt
Etableringshindera er høge i oppdrettsnæringa, både økonomisk og regulatorisk. Det gjere at det i praksis berre går ein veg med talet på aktørar. Ein får færre og større. Det nyinnførte trafikklyssystemet gjere og til at ein del aktørar ikkje berre blir relativt mindre, men faktisk mindre. Dette er nok eit tankekors for om ein skal ta sjansen på å satse vidare.

Denne dreneringa av aktørar vil til slutt ende med at ein sit att med nokre få aktørar. Kanskje berre ein, om konkurransestyresmaktene tillate det. So langt har konkurranse i produksjonsleddet ikkje vore nok stort tema korkje hos Konkurransetilsynet eller politisk. Enn seie konkurransen i eksportleddet, der det er mange små, men nokre få dominante aktørar.

Mellom dei minste og dei største selskapa, ligg ei gruppe av mellomstore. Desse har ofte integrert mykje av verdikjeda, med alt frå smolt til slakting, og gjerne ei betydeleg flåte av brønnbåtar og arbeidsbåtar. Det blir spennande å sjå korleis desse selskapa utviklar seg, om i kva grad dei vil vere i posisjon til å fange oppkonsesjonar som vert omsette.

Det vil uansett være rom for både mindre og mellomstore selskap i framtid. Det gjeld å finne sin plass, si driftsform og sitt driftsopplegg.  Mindre selskap kan være meir fleksible og burde klara å produsera til ein lågare kostnad, samstundes som ein betre kan posisjonere seg i ulike marknadskanalar.

For mange er det beste håpet for framtida å finne gode samarbeidspartnarar. Men i ei næring som svingar mykje, er det ikkje alltid so lett å finne nokon ein går godt i lag med i gode og vonde dagar. Historia er full av partnarar som skilde lag, og folk som følte seg lurte av dei ein hadde stolt på. Det er berre to ting som er sikre; det skjer heile tida noko spennande i oppdrett. Og lakseprisen kjem alltid ned att.