Kanskje vi skal ta båten ned Glomma?

Meninger
0

Ny oppdrettsmesse? Lillestrøm? Seriøst? 

Eit nytt år er godt i gang. I det februar er halvegs, ser eg tilbake. Åtte ulike konferansar. Alle vil at vi skal ta del, og for oss i leverandørbransjen, er det og gjerne ønskje om at vi er på plass med eigen stand.

Kva om eg kjøpte meg ei campingvogn? Utstyrt med messevegger, brosjyrar og det som trengst. Eg kunne reist rundt, deltatt på alt. Berre vore konferanse og messedeltakar? Kva arbeider du med? Eg er omreisande, i havbruk. Havbrukskonferansemannen. 356.

Her på nyåret kom nyheita om Global Aqua. Ei veke etter at Aqua Nor pakker ned, ønskjer ein at vi skal dra til Lillestrøm. Det er nær 400 kilometer unna nærmaste havbruksanlegg. Årsak? Det er for dyrt i Trondheim. Alle får ikkje den utstillingsplass ein ønskjer. Lillestrøm er visst nok større, og billigare. Vi skal altså til byen der toga går så ofte forbi, at folk trur dei bur i ein storby. 

I eit havbruks-Noreg der prodkosten har skote i veret dei siste åra, stiller eg meg spørsmålet. Treng vi verkeleg enno fleire møteplassar? Skal vi verkeleg dra til Lillestrøm? For all del, eg skjuler ikkje at eg er sunnmøring og tenkjer at ting kostar. Min farfar viste meg kredittkortet sitt då eg var konfirmant. Slik ser det ut, sa han og kom med ei åtvaring: Det er til pynt. Det skal aldri brukast. 

Trondheim treng i høgste grad å bli utfordra. Det er langt frå bra med dei hotellprisane som har vore dei siste åra. Det er heller ikkje bra at selskap må stå på ventelister, knapt får eit par kvadratmeter og seier det ikkje er verdt det heile. Her må AquaNor lytte, sjå og ta seg sjølv i nakken. Eg etterlyser og meir kommunikasjon frå styret i AquaNor. De må då ut å kjempe for noko som har vore arrangert i snart 50 år? Men kjære havbrukarar, er verkeleg Lillestrøm betre?

Kva skal vi gjere der? Hadde vi vore sendt på misjonstur, for å frelse uvitande austlendingar om mangel på havbruk, kunne eg kanskje blitt med på det heile. Eg skulle gladeleg ha stått på Lillestrøm og forklart kor fantastisk havbruk er. Men skal eg stå inne i varemessa, til mine eigne eg ser på alle dei andre møtestadane, ta med meg utstyr, folk og prøve å selje noko til havbrukarar? På Lillestrøm? Eg synes eg høyrer saftige sitat både frå den eine og andre gründer i bransjen, om ein blir presentert for ideen.

Gjengen bak Global Aqua skal ha for kreativiteten. Eg tviler sterkt på at folk har tenkt godt etter dersom ein har takka ja til å stille ut her. Vi har meir enn nok av møteplassar, arena og konferansar der vi kan vise fram kva vi held på med. Dessutan er vi eit kystfolk. Vi lev, driv og andar for det vi skaper langs kysten. At vi skal sørgje for at hotell, messearrangørar og andre på Austlandet, skal gjere prodkosten enno høgare, stiller eg spørsmål til. Støtt heller opp om dei nærmare 50 møteplassane vi har i dag. Det held rikelege. Eg tviler sterkt på at eg sett MoenMarin båten i Aurssjøen nord om Røros, og siglar ned Glomma til Lilllestrøm. 

Les Global Aquas tilsvar HER