Jon Grønsberg skal leie ny innovasjonssatsing i Lingalaks

Nyheter
0

Lingalaks har tilsett Jon Grønsberg (44) som leiar for ny, strategisk satsing. Innovasjonseininga skal bidra med innovative løysingar for berekraftig havbruk.

Grønsberg kjem frå stillinga som dagleg leiar i BIR Voss Hardanger, og har omfattande
erfaring innan leiing, innovasjon og berekraftig utvikling. Han er utdanna innan biokjemi ved NMBU og er også styreleiar i Invertapro. Konsernsjef Erlend Haugarvoll er svært nøgd med tilsetjinga:

– Med Jon på laget får me ein erfaren og visjonær leiar som forstår kva som krevst for å drive fram innovasjon i praksis. Han kjenner regionen vår, matproduksjon og kva moglegheiter ny teknologi gir for å skape eit meir berekraftig havbruk, seier han i ei pressemelding.

Håper havmeldinga gir innovasjonsmoglegheiter
Etableringa av innovasjonseininga kjem på eit strategisk tidspunkt, då regjeringa i dag legg fram den nye havmeldinga.

– Me har store forventningar til den komande havmeldinga, både når det gjeld krav og
stimuli for å sikre berekraftig vekst i næringa og i vår region. Etableringa av innovasjonseininga er eitt av fleire grep me tek for å posisjonere oss for framtida, seier Haugarvoll.

Grønsberg får hovudansvar for å utvikle konsernet sin innovasjonsstrategi som adresserer
utfordringane knytt til miljø- og klimautfordringar, tilpassing til marknadsendringer og
effektivisering gjennom teknologisk utvikling og digitalisering.

Forsterkar innovasjonseininga ytterlegare
– Dette er ein unik moglegheit til å vere med og forme framtida for ei av dei viktigaste næringane våre. Lingalaks sin visjon er å vere ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon og er langt framme på mange område. Eg gler meg til å samarbeide med dyktige kollegaer og partnarar for å finne endå meir berekraftige løysingar som sikrar konkurransekraft og positive ringverknader for lokalsamfunnet, seier Grønsberg sjølv.

Lingalaks er no i prosess med å forsterke innovasjonseininga ytterlegare ved å tilsetje ein prosjektleiar og ein talknusar. Desse vil arbeide tett med Grønsberg for å sikre framdrift i dei strategiske innovasjonsprosjekta og byggje sterke partnarskap med forskingsinstitusjonar og leverandørar.