Det har dei siste åra bygd seg opp ei næring ved å fiske etter leppefisk som blir brukt som rensefisk i oppdrett. Dette har resultert i eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten, og Fiskeridirektoratet vil difor skjerpe regelverket for å innta ei meir aktiv føre-var-haldning.
Dette inneber mellom anna at opningstidspunkta blir noko seinare i år enn i fjor og at det vert innført totalkvotar som gjeld alle artane av leppefisk.
Fisket etter leppefisk er delt inn i tre soner; Sørlandet, Vestlandet og Midt-Norge, som i realiteten gjeld alle fylker frå Møre og Romsdal og nordover.
- På Sørlandet (svenskegrensa – Vest-Agder) opnar fisket 11. juli, og i området er det ein totalkvote på fire millionar leppefisk.
- På Vestlandet (Rogaland – Sogn og Fjordane) opnar også fisket 11. juli, og her er totalkvoten ti millionar leppefisk.
- I Midt-Norge (Møre og Romsdal og nordover) opnar fisket 25. juli, og totalkvoten er fire millionar leppefisk.
Som før, må alle fritidsfiskarar som fiskar leppefisk som skal brukast som rensefisk i oppdrett av laks og regnbogeaure ha ein leveringsavtale for å kunne drive fiske.
Frå 2016 må også yrkesfiskarar som fiskar med teiner og ruser ha leveringsavtale for å drive fiske etter leppefisk.