Inka fekk milliardkontrakt – bygger fabrikk på 5.500 kvadratmeter

Nyheter
2134

Europas mest moderne fabrikk skal byggast i Os.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik er blant gjestane på verdas største sjømatmesse, Seafood Expo Global i Brussel. På fabrikkutstyrprodusenten Marel sin stand i den belgiske hovudstaden, framfor ei stort pressekorps, blei det tysdag ettermiddag offentleggjort at Marel skal innreia det dei ser på som Europas mest moderne fiskeforedlingsfabrikk.

Kunden er Karsten «Kakki» Austevoll sitt firma Inka på Gjelevika i Søre Øyane.

– Me har fått ein stor kontrakt med kunden vår Seaborn, og må utvida. Tomta står klar og rammeløyve er på plass, vi har mål om å starta bygginga om få veker, fortel Karsten Austevoll til Midtsiden.

FOTO: Kjetil Vasby Bruarøy

Langsiktig kontrakt
Kakki har jobba med fiskeforedling på Gjelevika sidan 1983. Selskapet hans, Inka, omset laks og aure for 60-90 millionar kroner i året. No blir det langt meir.

– Behovet for utviding har vore der ei stund. For to år sidan gjekk me over til skift om hausten, no har me skift året rundt. I dag bruker me kvar millimeter av fabrikken. Me produserer for Seaborn, og kunden ønskjer stadig auka volum.

Austevoll fortel om langt og godt kundeforhold prega av gjensidig tillit. Dette har leia til storkontrakten, ein kontrakt med ein horisont som skal vera sjeldan vare i oppdrett- og foredlingsbransjen.

– Kontrakten går over åtte år med opsjn på nye 4 + 4 år. Den gir oss tryggleik til å investera i ny fabrikk.

Kunden Seaborn blei etablert i 2001 av ein del familieeigde bedrifter med lang erfaring innan oppdrett. Hovudkontoret er i Bergen. Selskapet selte fisk for 4,4 milliardar kroner i 2017.

Karsten Austevoll. FOTO: Kjetil Vasby Bruarøy

250-300 millionar kroner i året
I dag produserer Inka rundt 15 ulike produkt i til saman over 40 variantar av laks og aure. Volumet er på 6.000 tonn i året.

– I ny kontrakt er me garantert 13.000 tonn i året, men kapasiteten er på 18.000 tonn.

Dette tilsvarar ein omsetnad på 250 til 300 millionar kroner i året, og minst to milliardar i første del av kontraktsperioden.

Inka søkjer no etter fabrikksjef som kan leia begge dei to fabrikkane.

Moderne bygg og utrusting
Bygningane på Gjelevika er gamle, men dagens fabrikk er topp moderne i innreiing og utrusting.

– Eg har hatt fokus at Inka skal vera blant dei fremste på utstyrsfronten, og vi har eit langt og godt forhold til Marel. No sørgjer vi for at ny fabrikk blir utstyrt med det aller nyaste av teknologi i marknaden.

Hovudentreprenør er Helgesen Tekniske Bygg- Byggestart er planlag om få veker.

Planteikningane viser to etasjar, første etasje på 3.000 kvadratmeter, inkludert blant anna over 830 kvadratmeter produksjon, fleire store kjøl- og fryserom og eige kvilerom for langtransportsjåførar. Andre etasje blir på 2.500 kvadratmeter og skal hus ei lang rekke med kontor, kantine, fleire møterom, eit stort isoporlager, garderobar og treningsrom.

Familien er med på laget
Bygg med innreiing og utrusting tilsvarar ei investering på rundt 140 millionar kroner. Kakki eig framleis Inka åleine, men har med seg, i ulike stillingsprosentar, tre av borna, Linda, Kari Marie og Knut Jørgen. Søstera Kristin har vore med i ei årrekkje, broren Wilhelm Magne er òg del av laget.

– Eg fyller 65 år i år. Eg hadde ikkje tatt dette steget om ikkje eg hadde neste generasjon med meg, seier Kakki.

– Å sjå ringverknadane i nærområdet og resten av Osbygda er òg kjekt. Ved sidan av arbeidsplassane dette skaper har me i fleire år hatt sjanse til å støtta positive tiltak innan idrett- og kulturlivet i bygda. Det har vore ei stor glede, og det er noko me truleg i aukande grad vil halda fram med.