– Imponerte over Marine Harvest

Nyheter
502

Etter at fiskeriministeren sist veke forkasta forslaget som skulle gje oppdrettsnæringa større fleksibilitet, rullerande gjennomsnitts MTB, og heller kunngjorde ein flat vekst på fem prosent, ynskjer nettverket Salmon Group å gratulere Marine Harvest med arbeidet dei har gjort for å snu politikarane.

– Marine Harvest har danna ein ny skule for politisk påverknad i havbruksnæringa, seier informasjonsansvarleg i Salmon Group, Øyvind Kråkås. Dei siste åra har dei bygd opp ein særs kompetent stab av kommunikasjonsfolk og folk med politisk erfaring frå høgste hald. Dette merkar vi til fulle. Dei har verkeleg gjort jobben sin godt inn mot regjeringa, skriv Salmon Group i ei pressemelding.

Saka om rullerande MTB snudde då verdas største oppdrettsselskap gjekk ut og kunngjorde at ordninga ville gje ein 4-5 gongar større vekst enn dei utrekningane som låg til grunn for høyringa, og at dette ville skape ei næring som ikkje var berekraftig. Utspelet fekk stor plass i landets største aviser. Ei rekke andre aktørar uttalte seg skarpt ueinige i dette, deriblant Salmon Group, men med fiskeriministeren si kunngjering vart det klart at dei ikkje blei vektlagde.

– Vi ser no at fiskeriministeren refererer desse påstandane nærast ordrett i si kunngjering om den nye veksten. Stort betre kan ein vel ikkje gjere det i arbeidet med å påverke politikarar, seier Kråkås, som har mastergrad i medievitskap frå UiB, med lakseoppdrett i media som spesialfelt.

Det einaste han finne overraskande med utspelet som no ligg til høyring, er at det likevel blir opna for vekst, med fem prosent på kvar eksisterande MTB. Men han påpeikar at denne ikkje vil kome med det første.

– Dei nye krava til arbeidet mot lus, er so strenge at få vil kunne innfri dei umiddelbart. Det vil ta fleire år før denne ordninga vil begynne å gje synlege verknader på den nasjonale produksjonen. Det blir ein jobb å gjere, men våre oppdrettarar er dei beste. Desse var med og bygde den norske laksenæringa, dei er ikkje investorar som har stukke innom for ein rask profitt, seier Kråkås.
Han påpeikar at han like fullt håpar at Marine Harvest vil krumme nakken og levere etter dei nye grenseverdiane på alle sine lokalitetar snarast råd.

– Dette selskapet står for ein fjerdedel av den norske lakseproduksjonen, vi treng at dei er offensive og gjere dette til standarden i sitt selskap, seier han. Lus er eit felles problem, lukkast ikkje dei største blir det vanskeleg for resten. No har dei sett standarden politisk, vi må håpe at dei og set standarden i merdane.

Salmon Group er eit nettverk for lokaleigde oppdrettsselskap. 45 selskap langs heile kysten er aksjonærar, og til saman representerer dei kring ti prosent av den norske lakseproduksjonen.