– iLaks-Dagens Næringsliv 1-0

Meninger
0

Diskusjonen rundt lukka merder, miljøfleksibilitet og økonomiske realitetar har skote fart. Heldigvis er redaktør i iLaks, Aslak Berge, meir treffsikker enn Anne Rokkan i Dagens Næringsliv (DN).

Det er brei semje om at luseproblemet må løysast, og at dette både direkte og indirekte er hovudårsaka til høg dødelegheit og sjukdom i oppdrettsnæringa. For at næringa skal vekse vidare, i tråd med politiske ambisjonar, må denne utfordringa løysast. Rokkan i DN ser ut til å tru at løysingane kjem av seg sjølv, men dette er feil. Økonomiske realitetar og politiske rammevilkår er den største bremseklossen.

Les også: DN fastslår: – Det er slike merder som kommer til å overta ved Canadas vestkyst

Teknologisk utvikling
Aslak Berge er inne på noko når han problematiserer Dagens Næringslivs bastante analyse. Teknologinøytralitet er ein føresetnad for innovasjon og utvikling. Norsk oppdrettsnæring treng sannsynlegvis utvikling av ulike produksjonsformer for å møte framtidas behov. Det einaste me veit sikkert, er at luseproblemet i fjordane må løysast. I Eide trur me at lukka nullutsleppsproduksjon er ein viktig del av løysinga, ettersom det er her problema eksisterer i dag. Difor har me allereie kommersiell produksjon i vår storskala lukka nullutsleppsmerd Watermoon, og dei biologiske resultata så langt er svært lovande.

Det er mange aktørar som har prøvd lukka produksjon i sjø. Dei som var leiande i fjor, er kanskje ikkje det i dag, og dei som er leiande i dag, er kanskje ikkje det neste år. Dette er utvikling, og det er utvikling som skapar løysingar.

Korleis sikre vidare vekst?

Det er sterke politiske signal og ambisjonar om å auke veksten i norsk oppdrettsnæring. Samtidig er det openbart både for næringa og politikarane at utfordringane med lus må løysast for å redusere påverknaden på natur og miljø. Ei slik utvikling må baserast på Noregs naturgjevne fortrinn, samtidig som ho tek omsyn til dagens lokalitetsstruktur. Enkelt sagt: dagens opne merder ligg ofte i verutsette område, og framtidas teknologi må tole dei ver-, vind- og bølgjeforholda som eksisterer langs store delar av kysten vår.

Å tru at småskala anlegg, som ikkje toler norske vær og bølgeforhold, skal kunne transformere dei 1,5 millioner tonna me produserer i dag over i lukka, er naivt.

Politikken og utviklinga må ikkje leggje opp til eit system med enkeltprosjekt for lusefri nullutsleppsteknologi her og der. Me treng teknologinøytrale rammevilkår og sterke insentiv som sørgjer for ei kraftig konvertering frå opne til lukka anlegg langs heile kysten, spesielt i områda med dei største luseutfordringane. Difor meiner me at ei konverteringsordning frå 1 til 3 vil vere avgjerande for at næringa tør å ta den nødvendige risikoen for å utvikle produksjonsteknologiar som faktisk fungerer. Berge har heilt rett når han konfronterer Rokkan om dei økonomiske realitetane.

Økonomi og realitetar
Dagens Næringsliv viser overraskande lite innsikt i dei økonomiske realitetane i næringa dersom dei trur at grunnrenteskatten og eventuelle nye avgifter vil skape den innovasjonen og utviklinga som er nødvendig for å løyse luseproblemet i norske fjordar. Dei store investeringane som trengst, krev ikkje direkte statsstøtte, men auka produksjonsvolum. Ei teknologinøytral konverteringsordning frå 1 til 3, med krav om null lus, slamoppsamling og andre kriterium, vil stimulere breitt til konkurranse om å utvikle den beste teknologien, både økonomisk og biologisk.

Å tru at investeringar i nullutsleppsteknologi vil skje «av seg sjølv» i eksisterande opne lokalitetar, er urealistisk. Ei open merd kostar 2 millionar, medan ei lukka, lusefri merd kostar minst mellom 60 og 100 millionar. Mange prosjekt kostar langt meir.

Ei teknologinøytral konverteringsordning vil òg medføre ein positiv effekt for statsfinansane, både gjennom auka skatteinntekter og auka ordretilgang til leverandørindustrien. I tillegg vil dei som driv opne lokalitetar oppleve lågare lusetrykk, noko som reduserer risikoen for nedtrekk i produksjonsvolum. Dette er eit «kinderegg» som ingen taper på – og som faktisk er ekte.

Eg er ganske overtydd om at resultata me har innan biologi, fiskevelferd og teknologi vil vere interessante for mange. Me køyrer ikkje ein lukka Think lenger – me køyrer ein Tesla, 2025-modell.