Natur og Ungdom arrangerer sin sommarleir i Vevring ved Førdefjorden.
Avisa Firda har utfordra fleire av de unge medlemmene på kva arbeidsplassar fylket bør satse på og kva dei meiner er løysinga for den negative folketalsutviklinga.
– Ein bør utnytte vindkraft og vasskraft og vere så miljøvennlege som mogleg. Og solkraft. Her har ein mykje meir sol enn vi har i nord. Ein bør bygge opp den norske kulturen vi har frå før, og videreutvikle næringar som fiske og jordbruk, seier Tina Eline Kristensen (16), Alta.
– Fornybar energi. Ein bør gå inn for å forske på bølgjekraft, tidevasskraft og jordvarme. Jo meir ein veit om det, jo lettare blir det å utvikle fornuftige arbeidsplassar, foreslår Judith Aarseth Tunstad (16), Tjøme.
– Ein bør jobbe med det vi har og utvikle det vidare, slik som fiskenæringa. I tillegg burde ein satse meir på media. Mange unge ønsker å jobbe i media, og ein kunne hatt fleire tilbod der unge kunne arbeide. Som til dømes filmskaping. Ein kunne fått fleire attraktive arbeidsplassar for unge, samtidig som ein gjennom media kunne gje god reklame for fylket, seier Sigrid Underlid (18), Redalen.
– Ikkje oppdrett eller gruvedrift i alle fall. Ein kan drive med kva som helst anna for min del. Ein kan drive med binders, gardsbruk, ølbrygging eller musikk, kva som helst, så lenge ein ikkje øydelegg fjorden, seier Torjus Raknes (28), Bergen.