– Ikkje lenger naturleg å kalle Førdefjorden ein nasjonal laksefjord

Nyheter
687

– Dei bør no vise like stort engasjement som dei har gjort for gruveplanane for at den nærmaste oppdrettsverksemda, Flokenes fiskefarm, får alternative lokalitetar. Og den einaste vegen det er mogeleg er innover fjorden, seier Tveit Sveen til NRK Sogn og Fjordane.

Det vil seie innanfor Ålesundet, der grensa for den nasjonale laksefjorden vart lagd i 2006. Den eine lokaliteten til Flokenes fiskefarm ligg no på sørsida av Førdefjorden med fortøyingane i det som skal bli deponi.

Elin Tveit Sveen er ikkje overraska, men likevel svært lei seg over at regjeringa landa på eit ja til å deponere store mengder overskotsmasse frå gruvedrifta i Førdefjorden.

– Når alle faglege råd går på at deponi kan ha konsekvensar for villaksen, og regjeringa likevel har sagt ja til gruvedeponi, er det ikkje lenger naturleg å kalle Førdefjorden ein nasjonal laksefjord. Då bør arealet innover i fjorden kunne brukast til å produsere oppdrettslaks.

For Elin Tveit og dei andre som driv med oppdrett lenger ute, på Svanøy, er framtida også nokså uviss.

– Vi må kunne dokumentere at maten vi produserer er i eit reint miljø, og krava blir stadig strengare. Når vi då må opplyse om slike utslepp som vil kome frå Engebø er eg redd for at vi vil få problem.

– Vi jobbar med å prøve å skaffe oss alternative lokalitetar, men det er ikkje tilgjengelege lokalitetar i området her, og det minkar på tilgjengeleg areal langs kysten. Difor er det trasig at dei vel å bruke eit område som er veleigna til matproduksjon til deponi.

Direktør Ivar Fossum i Nordic Mining reknar med at det vil ta fire år før gruvedrifta på Engebø kan kome i gang.