Alt ligg no til rette for etablering av eit Newton-rom i Florø. Etableringa skal sikre energibransjen, havbruksnæringa og anna næringsliv kompetent arbeidskraft i framtida.
– Vi ønskjer å trigge barn og unge på teknologi og realfag, seier Tone Aasrud, oppvekstfagleg rådgivar i Flora kommune.
Eit Newton-rom engasjerer elevane fordi det er eit teknologisk velutrusta undervisningslokale med fokus på naturfag, matematikk og teknologi. Barn i barnehagen og elevar på alle årssteg, inkludert vidaregåande skule, vil få delta i ei rekke vel tilrettelagde undervisningstilbod. I Florø blir det særleg fokus på havbruk og energi.
Laboratorium
Det er om lag 30 Newton-rom i Norge. Det hittil einaste i Sogn og Fjordane er ved Firda vidaregåande skule. Newtonrommet i Florø blir etablert hos FloraFauna Byakvariet og får ein svært sentral plassering i byen.
Den ideelle organisasjonen First Scandinavia eig konseptet Newton-rom. Dei har vore med under planlegginga og har utforma ei løysing som inneheld laboratorium, arbeidsstasjonar og eit amfi.
Ved etablering av Newton-rommet følgjer Flora kommune opp nasjonale føringar.
– Vi har no vore realfagskommune i over eitt år. Vi opplever at barn og unge blir meir motiverte og engasjerte i realfaga når dei ser at faga kan brukast til noko relevant og spennande, seiar Tone Aasrud.
– I framtida skal desse ungdommane vere med på å skape nye berekraftige arbeidsplassar. Gjennom opplevingar i Newton-rommet kan elevane bli inspirert til yrkesval innanfor teknologi og realfag, avsluttar Aasrud.
Forskardag
Byakvariet er allereie ein attraksjon i Florø. Newton-rommet er med hensikt samlokalisert med akvariet for å skape ei endå sterkare eining.
– Eg gler meg skikkeleg til å kome i gang, seiar Monicha Landøy.
Ho driv FloraFauna Byakvariet og vil få ansvar for den daglege drifta av Newton-rommet.
Undervisningstilbodet i Florø vil også bli tilgjengeleg for elevar frå nabokommunane. Alle klassane får konkret for- og etterarbeid som skal gjerast på eigen skule. Høgdepunktet blir ein aktiv forskardag på Newton-rommet i Florø.
Ideen til å opprette Newton-rom kom for vel to år sia då dåverande ordførar, rådmann og kommunalsjef besøkte Newton-rommet i Trondheim. Dei blei inspirerte til å satse på noko tilsvarande i Flora kommune. Sia har det vore tett samarbeid mellom Flora kommune, PetroFlora, Maritim Forening Sogn og Fjordane, Fram Flora, Statoil og lokalt næringsliv.
Støtte
Trond Strømgren frå Maritim Forening Sogn og Fjordane og GCE Subsea, Arne Olsen frå Fram Flora og Tone Aasrud frå Flora kommune har som prosjektgruppe jobba fram mot realisering av prosjektet.
– Vi har vore heilt avhengige av støtte frå næringslivet og takkar alle for gode bidrag, seier Trond Strømgren og Arne Olsen.
– Etableringa av Newton-rommet vil sikre rekruttering til næringar som kjem til å oppleve aukande vekst i framtida. Vi er no nesten i mål med finansieringa og vil ha ein avsluttande runde denne veka. Det er framleis mogleg å bli med, avsluttar dei to.
– Med etablering av Newton-rommet ønskjer vi å auke interessa for forsking og realfag hos dagens unge, og vi håper denne etableringa er eit steg i riktig retning slik at vi saman kan skape læringsvilje og glød hos morgondagens ingeniørar og forskarar, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef i Statoil.
Mange lokale bedrifter og sponsorar er viktige bidragsytarar. Blant desse er E. Karstensen Fiskeoppdrett, Flokenes Fiskefarm, Marø Havbruk, Sulefisk, Steinvik Fiskefarm, Marine Harvest,
Laksens dag, Svanøy Havbruk, Salmon Group og Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag i Sogn og Fjordane.