Oppdrettselskapet Hofseth Aqua søker om utviding av settefiskanlegg for laks og aure på lokalitet 18355 i Tafjord.
Søknaden er vurdert som komplett av Møre og Romsdal fylkeskommune, og vert lagt ut for offentleg ettersyn i fire veker.
“Dagens løyve på lokaliteten er på inntil fire millionar smolt, med ei snittvekt på 125 gram og 500 tonn MTB. Det er søkt om å bygge eit påvekstanlegg der ein vil ha same antal fisk som før, men vil kunne produsere laksefisk med ei snittvekt på 500-1.000 gram, med ein årleg produksjon på inntil 2.000 tonn MTB,” fremgår det av søknaden.
“Ein vil i dette anlegget nytte sjøvatn i produksjonen, og utbygginga vil inkludere ny inntaks- og avløpsstasjon. Tiltaket vil medføre kortare produksjonstid i sjø og betre bruk av aktuelle matfisklokalitetar. Utvidinga vil skje innanfor gjeldande areal avsett til føremålet, og er dermed ikkje i konflikt med arealplan.”






