HI spår dobling av lakselus med varmare klima

Nyheter
0

Klimaendringar kan få konsekvensar for norsk lakseoppdrett, seier havforskar Anne Dagrun Sandvik.

Havforskingsinstituttet (HI) har nemleg gjort sine eigne utrekningar for kva auka temperatur i vatnet kan ha å seie for mengda lakselus. Forskarane sine modellar viser at dersom temperaturen i sjøen aukar frå ni til 11 grader, vil mengda lakselus bli dobla.

– Når det blir varmare i vatnet, vil lakselusa trivast betre. Og det betyr at det kan bli vanskelegare for oppdrettsnæringa å drive berekraftig, seier Sandvik til NRK.

– Dermed blir det meir lakselus i fjorden viss vi held på som vi gjer i dag i eit framtidig klima. Det gjer at det blir vanskelegare i eit framtidig klima å drive berekraftig.

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) seier laksenæringa har stor interesse av å bli kvitt luseproblemet, slik at dei kan nå målet om berekraftig vekst.

– Vi har ganske strenge reglar i dag for mengda lakselus. Her på Vestlandet måtte vi ta ned lakseproduksjonen på grunn av at det er for mykje lakselus. Det viser jo berre at det er enda viktigare at vi får løyst den utfordringa i åra framover, svarer Ingebrigtsen.