Miljøutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i går at Miljøprisen 2015 går til Stranda Prolog AS. Averøy-verksemda får prisen for det store miljøprosjektet HeliXiR, skriv Tidens Krav.
I grunngjevinga for prisen heiter det at Stranda Prolog har gjennom det store miljøprosjektet HeliXiR freista å finne metodar for betre fiskevelferd, redusert eller betre medikamentbruk, og samtidig klart å betre produktkvalitet og reduserte produksjonskostnader. Dette er eit viktig bidrag til å løyse sentrale utfordringar i havbruksnæringa, som er svært viktig for Møre og Romsdal.
Prosessen skal redusere medikamentbruk med 90-98 prosent, samstundes med at både lus og kjemiske stoffar kan samlast opp for å gje ein stor miljøgevinst. Systemet filtrerer alt avløpsvatn og kan óg lukkast for å hindre all utslipp. Metoden optimaliserer effekten av aktuelle medikament gjennom laupande kontroll av konsentrasjonsnivå og fisken si opphaldstid i badet. Resultatet skal vere ein rein fisk og minimal resistensoppbygging i lusepopulasjonen, samstundes som fiskevelferd blir ivareteke.
Miljøutvalet meiner at verksemda klart oppfyller retningslinjene for miljøprisen og er eit godt døme på å oppnå ei berekraftig utvikling innan næringsutvikling.
Prisen består av eit diplom, eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000 kroner.