Heggland går til ny jobb i Fjord Miljø

Nyheter
0

Arild Heggland er tilsett i ei nyoppretta stilling i Fjord Miljø som sal- og marknadssjef frå 1. januar. 

Heggland har lang erfaring, frå tidleg på 90-talet og fram til i dag, med arbeid både innan settefisk og matfisk i tillegg til sertifisering og sal.

Utvidinga av organisasjonen blir gjort som ein del av satsinga som Fjord Miljø no startar etter fleire år med uttesting av utstyr for å bidra til eit betre liv for både fisk og oppdrettarar. Salet av SR800 sirkulasjonssystem og Naturstrømventilar til bruk i merdene er kjernen i satsinga. Selskapet er og solide på automasjon og sensorikk knytt til overvaking og miljøhandsamingssystema, står det i ei melding frå selskapet.

Fjord Miljø, basert i Nordfjordeid, omsatte for 1,3 millioner kroner i siste avlagte regnskapsår, 2020.