Havarert blåskjelanlegg i Aurlandsfjorden vart fjerna

Nyheter
550

Sjølve fjerninga var det taubåten BOA Heimdal som stod for, melder Fiskeridirektoratet.

Anlegget vart drive av selskapet Frønningen Skjell som gjekk konkurs. Det var ingen midlar i buet til å rydde opp på lokaliteten slik akvakulturlova krev.

– Vi meiner det er viktig å få rydda vekk slike eigarlause anlegg. Dei vert ikkje brukte til produksjon, men legg likevel beslag på areal og kan gjere skade på fiskereiskap, seier Henrik Hareide ved tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Risiko også for ferdsle

Det havarerte anlegget har dei siste åra blitt ein aukande risiko for skipstrafikken i området, mellom anna for passasjertrafikken til og frå Flåm. Når Fiskeridirektoratet prioriterer denne saka så er det ut frå ei konkret risikovurdering.

Direktoratet har hatt ulike aksjonar langs kysten, i samarbeid med både offentlege og private aktørar, og i enkelte regionar er det rydda opp, i andre ikkje.

– Etter 2007 må ein søkjar som vil starte med skjeldyrking stille garanti for opprydding. Problema vi har knytt til eigarlause anlegg er difor knytt til selskap som gjekk konkurs før vi fekk dette kravet, forklarer Hareide.

Om lag 80 anlegg utan eigar

Utan øyremerkte ressursar til opprydding er vi avhengige av å få med oss ulike partar å samarbeide med for å få rydda vekk desse anlegga. Ved førre årsskifte rekna vi med at det framleis var 80 eigarlause blåskjelanlegg langs kysten. Vi vil halde fram med å finne lokale samarbeidsløysingar for å få rydda dei gjenverande anlegga.

– I denne saka har det vore eit godt samarbeid mellom Kystverket, Fiskeridirektoratet region vest, Lærdal kommune og Frønningen bygdelag, avsluttar Hareide.