Den norske fiskebåten «Hardhaus» er ute av flytedokka som kantra i Hirtshals for ei veke sidan. Skadane er omfattande, seier reiaren.
Båten ligg no til kai i Hirtshals, og takstmenn kartlegg skadeomfanget på «Hardhaus». Eit anbodsdokument skal skrivast for å prisa arbeidet frå forskjellige verkstadar. Reierlaget ser etter norske og danske verkstadar.
– Skadane er omfattande. Maskinrommet har vore fullt i sjø, seier Hardhaus-sjef Inge Møgster.
Fiskebåten kom ut av dokka tirsdag kveld. Då hadde han vore fanga i dokka i fire og ein halv dag.
Flytedokka den stod i krenga, og fekk ein krafteg slagside. Det er fortsatt ukjend kva som forårsaka dokkulykka. Sysla har ikkje fått kontakt med leiinga i Hirtshals Yard.
Ute til jul
Møgster ventar å få båten til reperasjon i løpet av ei eller to veker. Båten kan ikkje gå for eigen maskin, og må slepast til eigna verkstad. Tidligerare denne veka sa Møgster til Sysla at båten sannsynlegvis vil vera ute av drift fram til jul.
– Vi skulle fiska makrell og sild, og har ein god del kvoter. Vi jobbar med direktoratet for å finna ut kva som er lov og ikkje lov. Det fins havarikvoteordningar som kan brukast i sånne høve, sier Møgster.
Fiskebåten lå i flytedokka Nordsøkatedralen utan bunnventilar, som var tatt ut for vedlikehald. Fredag forrige veke gjekk dykkarar ned for å plugga ventilane.