Fiskeriminister Elisabeth Aspaker la tidlegare idag fram Regjeringa si nye masterplan for marin næring.
– Det er gledeleg å sjå at Regjeringa satsar på dei uante mogelegheitene som ligg i havet, kommenterer Tore Nepstad ved Havforskningsinstituttet i ei pressemelding.
For Havforskingsinstituttet peikar denne planen ut retninga framover.
– Styrka ressursforsking, internasjonalt samarbeid, nasjonalt samarbeid om forskingsinfrastruktur og klarsignal til å sjå på samlokalisering av dei marine forskingsmiljøa i Bergen er alle klare signal om kor vi skal, seier Nepstad.
Masterplanen som vart lagt fram av Statsministeren og Fiskeriministeren i Tromsø i dag inneheld ei klar melding om at Regjeringa er oppteken av å auke verdiskapinga frå havet. Akvakultur står sentralt i ei slik utvikling. Det gjer også biomarine næringar.
– Havforskingsinstituttet si rolle som kunnskapsleverandør til forvaltinga er tydeleg. Regjeringa har spissa sine forventningar til heile vår organisasjon. Det er utfordrande og inspirerande, seier Tore Nepstad.