Har ordrereserve på 900 mill

Nyheter
522

– Ja, vi får ei rekkje førespurnader. Hittil er det mest utanlandske verftsarbeidarar som spør etter jobb, seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein til Nett.no.

Sande-verftet har i dag 47 tilsette, og vurderer å utvide staben.

– Vi får sjå, seier Gunnarstein. Vi har i alle fall godt med arbeid fram til sommaren 2017.

– Det er lenge sidan vi har kunna jobba med så lange tidshorisontar.

I desember 2014 kjøpte brønnbåtselskapet Rostein 68,75 % av aksjane i verftet. Rostein vert også den store kunden framover, men Gunnarstein seier at oppkjøpet har ikkje ført til redusert interesse frå andre.

– Nei, vi har hatt stor pågang etter oppdrag frå andre.

Tre Rostein-båtar

Rostein har alt tinga tre brønnbåtar ved Sande-verftet. Den første er under bygging ved Marine Projects i Gdansk i Polen, og skroget kjem til Larsnes rundt 10. oktober.

– Denne skal vere ferdig utrusta i starten av april 2016.

Etter at Rostein hanka inn langsiktige fraktavtalar med Marine Harvest, har Rostein tinga to til nybygg ved Larsnes – begge på 3500 kubikkmeter.

– Dette gjer at vi får tre nybygg å utruste med seks månader mellomrom. Det passar oss perfekt, seier Gunnarstein.

Ved verftet held ein no på å forlenge den irske pelagiske trålaren Pacelli med 10,8 meter.

Rett strategisk val

Gunnarstein seier seg glad for at ein i 2008 tok eit strategisk val å ikkje satse innanfor olje og offshore.

– Vi fokuserer på fiske- og brønnbåtar. Akkurat no ser det ut til å ha vore ei rett satsing.

Verftet har gjort fleire oppgraderingar siste åra, og meir er på gang etter at ein har fått ein del miljøkrav frå Fylkesmannen.

– Vi gjennomfører no tiltak for fem millionar kroner for å imøtekome desse  miljøkrava, seier Gunnarstein.