Vitskapleg rådgjevar og havforskar Jens Christian Holst etterlyser forsking i referansevassdrag på Austlandet for å kunne sei meir om kva innverknad oppdrettsnæringa har på anadrome fiskebestandar. I Drammenselva er det no installert fisketeljar med video og Numedalslågen er også ei elv som kunne fungert godt som referanseelv, men i denne elva gjev ikkje dagens teknologi godt nok datamateriale.
Ei stor elv i aust
Numedalslågen er ei forholdsvis stor lakseelv og ligg i sjiktet frå den fjerde til den 10 beste i landet. Det årlege uttaket ligg frå 10 til 30 tonn laks. I nedre del av elva starta sesongen 15 mai og varer til 15 august. I øvste del startar den tre veker seinare og varer tre veker lenger. Dette for å tilpasse den lokale oppvandringa.
Så langt i sesongen er det i hovudsak stor og mellomstor laks som har kome opp i vassdraget, og fisket har vore veldig bra.
– Vi ligg godt over 2012, som var eit spesielt godt år, så dette ser lovande ut, seier Aasestad.
Smolten som vandra ut i 2014 har tydeligvis møtt langt betre tilhøve i havet enn på lang tid. Dette gav mykje smålaks i god kondisjon i fjor og mykje mellomlaks i år. No er han veldig spent på kor mykje smålaks som kjem opp i elva denne sesongen.
Les også: Ei sterk slagside i VRL sin statusrapport
Fangstbasert teljing
Numedalslågen har ingen laksetrapper som det kan settast teljar i, og i hovudelva er det mykje driv og ofte stor vassføring, så det er vanskeleg å få til ei effektiv registrering utanom fangsbasert teljing. I fylgje Aasestad har dei prøvd med ekkolodd, men alt som driv nedover elva gjev stor feilregistrering. Det er også registrert heile 18 andre fiskeartar i elva, noko som gjer det ekstra vanskeleg med ei slik registrering.
Det har vore gjennomført prosjekt med radiomerking av fisk for å sjekke kor stor gjenfangsten er, og dei går ut frå at det er like lett å fange den fisken som er merka, som det er å fange den umerka. I fylgje Aasestad tek fiskarane i Numedalslågen ut mellom ein tredjedel og ein fjerdedel av laksen som kjem opp. Han meina det er naturlege variasjonar som bestemme utviklinga og fangsten betyr lite for bestanden, så lenge dei når gytebestandsmålet.
I elva har dei heller ingen tradisjon for fang og slepp.
– Laks er ein viktig matfisk, og det betyr faktisk litt å kunne servere ein sjølvfanga laks, seier Aasestad til iLaks.
Fem prosent av produksjonen frå kultivering
I Numedalslågen har dei lange tradisjonar med kultivering. I fylgje Aasestad begynte det så tidleg som i 1853. Dei har mange sideelvar og set ut rundt 100 000 plommesekkyngel kvart år, noko som utgjer om lag fem prosent av den totale produksjonen i elva.
Laksen går totalt sju mil oppover mot Hardangervidda og øvste del av vassdraget er regulert. Men Aasestad trur ikkje dette har negativ effekt på bestsanden sidan minste vasstand på sommaren er forholdsvis høg.
Rømd fisk og lus
Det er i år veldig lite lus på laksen som går opp i Numedalslågen. Dette gjeld ifylgje Aasestad også heilt nede i munningen. Tidlegare år har dei funne litt fisk med luseskader, men Aasestad kan ikkje sei om det er meir enn det som er naturleg.
Mengda med rømd fisk i elva har variert frå to til ti prosent, men normalen ligg på fire prosent. Ti prosent innblanding i fangsten var eit spesielt unntak. Men dei har funne merka oppdrettslaks som var sett ut frå Havforskingsinstituttet sin stasjon på Matre i Hordaland.
Motoren i bestandsendringane ligg i sjøfasen
Ingar Aasestad i Numedalslågens forvaltningslag er sikker på at det som skjer med laksen i havet er avgjerande for utviklinga av bestanden. Men dei manglar god statistikk for å dokumentere sjøoverleving og han etterlyser meir forsking.
– Vi mangla gode tal for sjøoverleving, seier han, men legg til at tidlegere data frå merkeforsøk i Drammenselva har vist ein god samanheng med tilbakevandringa i Numedalslågen.