Har dobla omsetnaden i Ahlsell-avtalen

Nyheter
592

Spesielt den nye antistatiske fôrslagen har slege godt an, skriv Salmon Group på si Facebook-side.

– Vi ser meir enn ei dobling av innkjøpsvolumet til Salmon Group sine eigarar etter at nettverket forhandla fram ei felles avtale, seier Torbjørn Johnsen, som er salssjef for havbruksavdelinga til Ahlsell. Fôrslangar er det store volumproduktet, medan setjefiskanlegga er dei som tek i bruk det store spekteret av produkt som vi tilbyr.

Då Ahlsell i vår lanserte ein fôrslange som eleminerte faren for elektrisk støyt hjå dei som handterer slangane, vart dette produktet straks ei stor vare. I tillegg til å ivareta dei tilsette si sikkerheit betre, gir slangen mindre støv i utfôringa. Ein statisk elektrisk slange er med og knuser pellets. Dette medfører ureining og tapte verdiar.

Ahlsell tilbyr ei rekke produkt innanfor røyr, elektrisk, pumper, arbeidsklede og mange andre produktgrupper.