Fossing Storsmolt har fått løyve til å regulere og tappe vatn frå det verna Lona-vassdraget ved Kragerø.
Vatnet skal nyttast i produksjon av settefisk.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner belastninga på vassdraget og dei elleve innsjøane som blir regulerte, er forsvarleg med eit gjennomsnittleg uttak på 0,4 kubikkmeter per sekund og maksimalt 0,7 kubikkmeter per sekund. Selskapet hadde opphavleg søkt om å få tappe i gjennomsnitt 0,7 og maksimalt 1 kubikkmeter per sekund, skriv Nynorsk Pressekontor.
NVE har òg sett krav til minstevassføring mellom dei ulike magasina i vassdraget.
Fossing Storsmolt har planar om å produsere fem millionar smolt ved det nye anlegget.