Grøne løyve gruppe C er klare

Nyheter
527

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2013 er klar med si vurdering av søknadene i gruppe C. Faggruppa for tildeling av grøne løyve 2013 har i dag avslutta si vurdering av søknadene i gruppe C og vil ferdigstille vedtaka, melder Fiskeridirektoratet.

Alle søkjarane i gruppa vart tidlegare i dag gjennom e-post varsla om at ei nyheitsmelding med oversikt over dei som fått tildelt løyve, ville bli lagt ut i dag. Det var totalt 122 søknader til vurdering.

Oversikt over dei ti søkjarane som får tilsegn om løyve finn du her:

Bindalslaks AS
Engesund Fiskeoppdrett AS
Hardingsmolt AS
Lerøy Vest AS
Mainstream Norway AS
Marine Harvest Norway AS
Nekton Havbruk
Norsk Havbrukssenter
Senja Akvakultursenter AS
Sulefisk AS

Sjølve vedtaket om tilsagn for desse ti løyva, og vedtak om avslag til resten av søkjarane i gruppa, vil bli sendt ut per vanleg post i løpet av dei næraste dagane. Det er tre veker klagefrist på vedtaka frå det tidspunkt ein mottar vedtaket.

Gruppe C er den siste av dei tre gruppene med søknader som Faggruppa har vurdert i tildelingsrunden 2013. I denne gruppa vert det ikkje kravd innløysing av eksisterande løyve, men søkjaren må forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane vesentleg ved at løysinga gir vesentleg mindre risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming, eller sikrar at det heile tida er færre enn 0,1 holus av lakselus i gjennomsnitt per fisk, eller eit utslepp av lus tilsvarande eit slikt nivå. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt tre medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus.