Gode resultat med luselaser

Nyheter
923

– Det er eit skikkeleg lysshow. Det liknar eigentleg mykje på «Star Wars», seier dagleg leiar Michael Niesar i Sulefisk til NRK.

Lakselusa, som også er ei plage i hans oppdrettsanlegg i Solund, blir stadig meir motstandsdyktig mot legemidla ein nyttar for å ta livet av parasitten.

For første gong blir laser testa ut i stor skala i kampen mot lakselusa.

Se videoen: Her skytes lakselus med laser

– Laseren er ein veldig bra metode. Den fungerer heile tida og skyt lys heile tida. Viss denne metoden er effektiv, er den eit veldig godt våpen i kampen mot lusa, meiner Niesar.

I fiskemerdene hos Sulefisk scanner ei maskin fiskane som sym rundt. Viss den oppdagar lakselus, blir ein grøn laserstråle skoten ut og treff parasitten.

Stingray Marine Solutions, som står på luselaseren, trur deira metode i framtida kan erstatte legemidla.

– Fordelen med høgteknologisk utstyr er at det blir stadig betre. Eg trur vi alt i år vil sjå at vi er i stand til å vere eit godt alternativ til tradisjonell avlusing med medikamentelle metodar, seier dagleg leder John Arne Breivik til NRK.