GMO-raps godkjent for fiskefôr

Nyheter
0

Ei olje til fiskefôr, laga av genmodifisert raps, har no blitt godkjent til bruk i Norge. 

Mattilsynet godkjende i juni at den såkalla Aquaterra-olja kan brukast i Noreg. På førehand hadde Vitskapskomiteen for mat og miljø gitt grønt lys i si risikovurdering. Aquaterra-olja blir allereie brukt i andre land og fiskefôrprodusent Skretting vil no tilby fiskefôr med olja til kundane sine i Noreg, melder NPK.

Rapsolja og fôrvarer der olja inngår må no merkast anten som «genmodifisert» eller «produsert frå genmodifisert raps» etter krav i fôrforskrifta.

Bonde- og Småbrukarlaget har klaga på godkjenninga og krev ifølgje Nationen at også fisken skal merkast, men det er det ikkje heimel til, ifølgje Mattilsynet. Mattilsynet viser til at ein heller ikkje merkar importert kjøtt frå dyr som har ete dyrefôr med genmodifiserte råvarer.