Glad fiskehandlar fyller 60

Meninger
0

12. mai fyller fiskehandlar, musikkelskar, livskunstnar og alltid energiske Per Vidar Ottesen 60 år. Det merkast knapt på han.

Ein ekte kunstnar er aldri eigentleg ung, og verkar aldri eigentleg gamal. Evna til å forstå dei store linjene, og samstundes alltid fange opp nye impulsar, gjere at tid og alder ikkje er so viktig i oppfatninga av slike personar.

Nokon vil kalle Per Vidar ein livsnyter. Han likar å reise, ete og drikke godt, å segle og å vere saman med menneske han likar (som stort sett verkar å vere alle han møter). Han har verkeleg evna til å hygge seg. Men eg opplever at han er noko meir enn ein nyter. Han har ei tilnærming til livet og alt det byr på, som kan snu ein grå dag til noko spennande, og noko vanskeleg til heilt overkommeleg. Han verkar å alltid gle seg til det neste som kan kome.

Han er ein optimist på stort sett alt anna en lakseprisen, som alltid skal ned i nær framtid. Han verkar å alltid ha lyst til å ha det moro, på kort varsel. Og sjølv når gårsdagen tyngar dei fleste av oss, og mørke briller og bleike nebb har teke over for allsong og spontanitet, so er han jaggu like opplagt og boblande. Han er so kul at det verkar naturleg med spraglete kle og eit stettglas i handa på føremiddagen.

Eg vart først klar over Per Vidar på slutten av nittitalet, då eg gjekk på skule i Florø. Under dei årlege festivalhelgane i juni, var han over alt, og alltid på topp. Han var garantien bak arbeidsgjevaren Norwell sitt slagord «Happy salmon». Eg veit ikkje om laksen blei glad av denne utstrålinga, men dei fleste andre vart det. Som ung og svolten på opplevingar konkluderte eg med at dette sirkuset måtte eg fylgje.

Seinare fekk eg vere langt tettare på han og Norwell, gjennom samarbeid, turar og sosiale samlingar. Han er alltid eit midtpunkt, men og merksam på alle og kvar enkelt. Han er ekte og original på ein måte som gjere han til ein skinande personlegdom. Ei stjerne. Lenge før Lothepus sitt gjennombrot synte han at du kan fenge forsamlinga, berre du stemmer i og byr på det du har.

«Du må kjempe for retten din til å feste», heiter det (omsett frå utanlandsk) i ein song. Og med Per Vidar som hærførar kjempar du aldri forgjeves. Det blir fest, og det blir den beste festen du kunne vore på. Sola skin på deg i hans selskap, og det skjer alltid noko komisk og uføresett, noko leikent og noko raust.

Sjølvsagt kan Per Vidar gje deg frynsete nervar. Kan det gå so greitt som han seier? Helde lovnadane vatn? Men til å vere ein mann som lovar so mykje, må eg seie han står seg godt i samanlikninga med dei fleste. Han er ein fiksar, han kan få på plass det meste frå ein vanskeleg vinkel. Som å få sendt store fiskekar med ekspressbåt og buss frå Florø til Solund. Han vågar der andre ville kvidd seg til avmakt.

Alle kjenner festmannen Per Vidar, men til dagen er han sjølvsagt ein habil yrkesutøvar. Han har vore ein rå pengetenar for Norwell, ein suveren relasjonsbyggar og avtalemakar. Han er og analytisk og djerv med finansielle instrument. Han har teft.

Men, som det høver seg for ein som er so glad og likefram, han kan godt engasjere seg i ting som er svært ulønsame. Som å eige ein bar og la alle drikke på Norwell si rekning. Men det står att som ein del av myten og magien. Det skulle godt gjerast å ha det mykje kjekkare for dei pengane.

Laurdag feirar Per Vidar dagen sin med sine 250 beste venar på det som må seiast å vere ei heimebane for han, Haavebua i Florø. Det blir garantert ikkje eit selskap der ein treng å frykte pinleg stille og lyden av gaflar som pirkar i tallerken.

Gratulerer med dagen, Per Vidar!