Havbruket i P03 (Karmøy til Sotra) og PO4 (Nordhordland til Stad) fekk i vår pålegg om nedtrekk i produksjonskapasiteten på 6%. Bedriftene har dermed samla sett fått eit nedtrekk på hhv 12% og 18% prosent dei siste åra. Gode grunnar talar for at ikraftsetting av det siste nedtrekk-vedtaket bør utsettast til våren 2025, og fiske- og havministeren blir nå bedt om å vurdere dette.
Havbruket i desse produksjonsområda står for svært stor verdiskaping, matproduksjon, aktivitet og arbeidsplassar, og er svært viktig for utvikling og busetnad for mange lokalsamfunn.
Dei seinare åra har havbruksnæringa vår fått store utfordringar. Nokre av desse er dessverre skapt av Støreregjeringa, og knyter seg til dårlegare generelle rammevilkåra for næringslivet vårt, samt eit urimeleg høgt, tilfeldig og byråkratisk skatteregime for havbruket. I Høgre sitt utkast til stortingsprogram har vi retta opp i dette, og vi vil gi havbruket gode, stabile og føreseielege vilkår.
Andre utfordringar er knytt til berekraft, miljø, fiskehelse og lakselus. For å handtere utfordringa med lakselus er det som kjent etablert eit trafikklyssystem. Dette blei innført i 2017, og set farge (grøn, gul eller raudt) på dei 13 produksjonsområda ut frå korleis lakselus påverkar villaks i området. Fargen avgjer om oppdrettaren får løye til å vekse, oppretthalde produksjonskapasitet eller må redusere kapasiteten. Høgre var med å innføre trafikklyssystemet og støttar framleis dette, men er open for at det kan skje endringar.
Høgre er opptatt av å løyse utfordringane havbruket vårt har, knytt til berekraft, miljø, fiskehelse og lakselus. I det nye programutkastet vårt blir det derfor sagt at; «Høgre vil vektlegge lønsam, berekraftig produksjon, forbetring av fiskehelse og redusert miljømessig påverknad. Det er for stor dødeligheit i dag, og Høgre vil jobbe saman med næringa for å redusere denne». Vidare heiter det at Høgre vil; «styrke og utvikle berekraftig, miljøvenleg og fiskehelsemessig godt havbruk gjennom å bruke teknologinøytrale miljøfleksibilitetsordningar».
Det siste spelar òg tilbake på at Høgre i vår tok initiativ til at regjeringa skulle forsere arbeidet med havbruksmeldinga når det gjaldt miljøfleksibilitet-ordninga, og forslaget blei nesten samrøysta vedtatt på Stortinget. Regjeringa må derfor allereie i år få på plass ei teknologinøytral miljøfleksibilitets-ordning som skal sikre utvikling og innovasjon, redusere miljøavtrykk og redusere lusepresset. Den skal vidare gi incentiv for låg og nullutsleppsteknologi, omfatte eksisterande og framtidige konsesjonar, og kunne nyttast på produksjonsvolum som er trekt ned etter trafikklysordninga.
Når det gjeld nedtrekket i P03 og P04, har fiskeri- og havministeren grunngitt dette med at: «Det bekymrer (…) at påvirkningen fra lakselus øker i flere områder, og at dette skjer på tross av at målet er å redusere påvirkningen. Dersom næringen skal kunne vokse, er den nødt til å gjøre endringer for å redusere utslipp av lakseluslarver fra anleggene».
Den ramma havbruksnæringa har til dette vist til at analyseselskapet Manolin har påvist at selskapa i P03 og PO4 har klart å redusere antallet lus i anlegga i tidsrommet hvor vill laksesmolt vandra ut, med hhv 34,4% og 41,2% i åra 2017-2023.
Det blir òg gjort gjeldande at Trafikklyssystemet sine modellar og estimat for påverknad frå lakselus frå oppdrettsnæringa på utvandra villaks-smolt ikkje har klart å påvise samanheng mellom lusenivå i oppdrettsanlegg og lusepåslag på utvandrande smolt. Det blir vidare hevda at det heller ikkje er påvist samanheng mellom estimerte lusenivå og dødeligheit på utvandrande smolt og innsig av villaks frå havet i det påfølgande år, og heller ikkje er det påvist samanheng mellom nedtrekt volum i PO3 og PO4 og redusert dødeligheit på utvandrande smolt.
Fiskeri- og havminister har tidlegare blitt utfordra på å omgjere vedtaket om nedtrekket i P03 og P04, utan at det har blitt gjort.
Sidan ministeren ikkje har funne grunnlag for å omgjere nedtrekksvedtaket, reiser det seg då eit spørsmål om fiskeri- og havministeren kan gjere det mindre; nemleg å utsette gjennomføringa av vedtaket.
Bakgrunnen for dette er at regjeringa som nemnt i løpet av 2024 skal kome med ei teknologinøytral miljøfleksibilitets-ordning som skal sikre utvikling og innovasjon, redusere miljøavtrykk og redusere lusepresset. Vidare at regjeringa til våren 2025 òg skal kome med ei eiga havbruksmelding som skal ha ei heilskapleg gjennomgang av havbruksnæringa i Norge.
Frå havbruket blir det gjort gjeldande at ei slik utsetting til 1. april 2025, ikkje vil gi auka miljømessige utfordringar for villaks og sjøørret, sidan villaksen fram til då vil vere i elvane eller ute i havet, og at hovuddelen av sjøørreten vil vere i elvane. Det blir òg peika på at å effektuere nedtrekket nå, vil gi lågare vekt for fisken som må takast ut av sjøen nå. Det vil gi i færre individ og lågare slaktevekt gjennom vinteren, og mindre råstoff til bearbeiding og svekka grunnlag for sysselsetting og økonomisk utvikling langs kysten.
For å vere sikker på at dette blir tatt på alvor, har underteikna derfor nå sendt fiskeri- og havministeren eit skriftleg spørsmål om ho vil vurdere å utsette nedtrekket i PO3 og PO4 til 1. april 2025.