Produksjonssjef Kristian Botnen tar over etter Erlend Haugarvoll.
Erlend Haugarvoll går inn som leiar av eigarkonsernet Rolv Haugarvoll AS. Som største eigar, vil han fortsetja som styremedlem i Lingalaks. I tillegg til oppgåver i konsernet vil han fokusera på og yta tenester innan strategi, store prosjekt og fiskehelse i Lingalaks, skriv selskapet i ei pressemelding.
– Utgangspunktet er at Lingalaks og næringa har utvikla og profesjonalisert seg det siste tiåret, og bedrifta treng å ha fult fokus både på drift og utvikling, seier Erlend Haugarvoll. – Det er trong for meir fokus på dei store prosjektene vi arbeider med som storsmolt og smoltkvalitet, utviklingskonsesjonar og utvikling av biologi og teknologi. Dette er ei god ordning for selskapet og meg, der selskapet får ein ny dyktig dagleg leiar og eg får meir tid å vere støtte på utviklingsprosjekt og fagområdet fiskehelse, som ligg meg nært.
– Eg vil også får meir tid til å vere far, som med begge rollene no er krevjande å få til, legg han til.
Styreleiar Kjell Pedersen seier at dette vil vera ein vidare utvikling av selskapet for å styrka framtidsretta og berekraftig drift.
– Lingalaks er ein ambisiøs bedrift med mange spennande arbeidsplassar og nye prosjekt som vil posisjonera selskapet for framtida. Erlend har leia selskapet sidan 2010 på ein framifrå måte, og har vært instrumental i å bringa Lingalaks til eit moderne, profesjonelt og framtidsretta oppdrettsselskap. Når han no vel å ta eit like engasjert, men annarleis rolle i selskapet, set styret stor pris på å ha Erlend med oss vidare.
– Det er også gledeleg at styret kan rekrutterer ny dagleg leiar internt. Kristian har sterke leiareigenskapar og vist å tileigne seg kunnskap om næringa på kort tid. Styret ser fram til at han saman med resten av leiargruppa tar over stafettpinnen frå Erlend for å utvikle selskapet vidare, sier Pedersen.
Kristian Botnen er i dag produksjonssjef i Lingalaks. Han er utdanna MBA frå BI. Botnen seier han ser fram til å fatt på nye spanande arbeidsoppgåver i eit framtidsretta og innovativt selskap.
– Saman med våre dyktige tilsette vil eg fortsetja utviklinga av Lingalaks i ei spanande tid for oppdrettsbransjen.
Botnen og Haugarvoll fortset i sine noverande stilling fram til 1. april 2019. Lingalaks startar straks med å rekruttere ny produksjonssjef.