FrP står aleine om å støtte familieeigde oppdrettsselskap i distrikts-Norge

Meninger
0

Høgrerepresentantene Ove Trellevik, Liv Kari Eskeland og Olve Grotle har tydeleg fått kjeft av tidlegare veljarar som ser uroleg på framtida når dei no oppsummerer haustens skattebomber.

Dei gjer eit tappert forsøk på å fossro i eit innlegg i iLaks.no der dei forklarer kvifor det var Høgreregjeringa som foreslo å auke formuesskatten for oppdrettskonsesjoner. Solberg-regjeringa foreslo over natta ei dramatisk auke i verdifastsettinga av oppdrettskonsesjonar. Noko som vil gje gitantisk auke i formuesskatten til alle familieigde oppdrettsselskap. Forklaringa dei kjem med held ikkje vatn og bidrar bare til å favoriere dei store konserna og sentralisere eigarskapen til havbrukskonsesjonar.

Det trudde ikkje me i FrP var Høgrepolitikk. Heller ikkje Senterpartipolitikk. Allikevel tok Finansminister Trygve Slagsvold Vedum imot det næringsfientlige framlegget frå Høgre. Ikkje nok med at dei beheldt alt som var ille, i tillegg la dei saman med Ap og SV til meir elendighet for næringslivet.

Les også: Elin Tveit Sveen: – Flere lokale familiebedrifter vil selge

Dette er svært alvorleg for den familieeigde delen av oppdrettsnæringen langs kysten. FrP meiner det viktigaste for distrikts-Norge er å ha bedriftseigarar som bur og skaper arbeidsplasser i heile landet. No ser me at skatt vert sentralisert til Oslo og Finansdepartementet. Samtidig må bedriftseigarar flytte ut av distriktskommunen eller selje selskapet til eit sentralisert stort konsern.

Les også: SV om økt skattebelastning: – En diskriminering i favør eiere av eldre oppdrettskonsesjoner som nå rettes opp i

Formuesskatten er straffeavgift for å være norsk. Denne hausten har alle parti vist korta sine og gjort det verre for selskap og spesielt oppdrettsnæringa. Kun FrP står igjen i Stortinget og påpeiker dette. Det blir meir og meir tydeleg at det trengs eit sterkt FrP i posisjon for at det skal satses på distriktspolitikk.