Framnessmolt og Kurt Johan Svendsen vart frifunne på alle punkt

Nyheter
1748

Ein fersk dom frå Hålogaland Lagmannsrett slår fast at det ikkje utløyste eit erstatningsansvar då Framnessmolt ikkje kunne levere den smolten Ballangen Sjøfarm hadde bestilt sommaren 2018. Både selskapet og styremedlem Kurt Johan Svendsen er frifunne på alle punkt.

Ballangen Sjøfarm er også pålagde å dekke sakskostnader frå lagmannsretten og tingretten på tilsaman 3,4 millionar kroner til Framnessmolt, og 2,6 millionar kroner til Svendsen.

– Dette er sjølvsagt ei stor lette for selskapet og alle tilsette. Det har vore svært belastande å ha slike skuldingar frå ein tidlegare kunde mot oss, og det økonomiske har vore kvelande for selskapet. Hadde ikkje hovudeigar stilt opp med kapital gjennom prosessen, hadde Framnessmolt knekt nakken lenge før saka var avgjort, seier dagleg leiar Arild Hagenes i ei pressemelding.

Hagenes meiner domen er viktig for alle som er leverandørar til matfiskproduksjon, fordi kravet frå Ballangen Sjøfarm var å få dekka heile driftstapet fram til slakteklar fisk, etter ein stipulert salspris.

– Det går ikkje an å drive biologisk produksjon med eit slikt ansvar hengande over seg. Ingen ville ha forsikra setjefiskanlegg som kunne risikere eit slikt erstatningsansvar dersom produksjonen sviktar. Og det same ville omfatte andre leverandørar som opplevde levringssvikt, rogn til dømes.

Arild Hagenes har vore innleigd frå Havbrukspartner for å leie Framnessmolt sidan 2018. Han legg ikkje skjul på at saka har vore krevjande.

– Ballangen Sjøfarm var ein viktig kunde, og det vart vanskeleg å sikre drifta når dei vende seg mot oss. At dei har det internasjonale konsernet Cermaq med på eigarsida, gjorde ikkje maktforholdet enklare i vår favør. Vi har heile tida jobba med å betre drifta, få orden på sjølve anlegget, rydde opp i avtalar, skaffe nye kundar og sikre kompetanse. Det har vore vanskeleg å halde på dei tilsette når ein har levd under denne skuggen, men eg vil rose dei som har blitt verande og gjort sitt alle beste.

Samstundes med at rettsprosessen har versert, har der pågått ein strid mellom eigarane i Framnessmolt. Ein minoritetseigar har hevda at selskapet har ivareteke hovudeigar Lofoten Polarlaks og Kurt Johan Svendsen sine interesser framfor eigarane i fellesskap.

– Strid mellom eigarane er ikkje ideelt for eit selskap, og spesielt ikkje for eit selskap som kjempar for livet økonomisk. Eg og dei tilsette har heile vegen jobba for Framnessmolt sitt beste, med å forbetre alle avtalar og skaffe nye kundar. Vi har ikkje teke omsyn til enkelteigarar. Kurt Johan Svendsen har akseptert ein høgare smoltpris til liks med alle andre.

– Men det må og seiast; han er den einaste som har vore viljug til å bidra med midlar til å halde selskapet flytande gjennom rettsprosessen. Dette har sikra drift, løningar og hindra tap for kreditorar. Domen syner at skuldingane mot han har vore urettvise. No vil eg be alle eigarar legge konflikten bak seg og stille opp i ein dugnad for å berge selskapet og vidare drift.