Det melder NRK Sogn og Fjordane.
Hovudredningssentralen fekk melding om grunnstøytinga klokka 03.20 i natt. Den norske lastebåten er lasta med grus, og har eit mannskap på åtte. Det er ikkje meldt om skadar.
Båten står solid på grunn, men det er førebels uklart kor store skadar båten har fått i samband med grunnstøytinga. Det er forholdsvis bra vêr i området, og det er førebels ikkje fare for lekkasjar.
– Akkurat no jobbar dei saman med redningsskøyta «K G Jebsen». Det er i ferd med å flø, og då får ein sett litt nærare på skaden, og om det er råd å flytte båten, seier Mannsåker.