– Fôrtransport gjennom vatn gjev ikkje plastforureining

Nyheter
2137

Seafarm Solution har nyleg lansert ein fôringsmetode som hindrar utslepp av plastpartiklar til havet. -Det handlar i praksis om at fôret vert transportert gjennom vatn, seier styreleiar Hans Jørgen Runshaug.

Den siste tida har plastforureining frå havbruksnæringa vore eit sentralt tema i media. Fredag hevda Naturvernforbundet til VG at oppdrettsanlegg slepp ut 316 tonn plast i havet – kvart år. Dette vart seinare tilbakevist av aktørar i bransjen.

Høgt trykk gjennom slangane ved spreiing av tørrfôr medfører lekkasje av plastpartiklar, og miljøvernorganisasjonane meina næringa raskt må komme på bana med ny teknologi. Men Seafarm Solution har alt ferdigutvikla ein fôringsteknologi som hindrar plastlekkasje til naturen.

Teknologien er i utgangspunktet utvikla for å få betre fôropptak og betre fordøyelegheit gjennom å tilsette vatn til fôret. Men poenget i denne samanhengen er at vanleg fôr også kan transporterast gjennom vatn i staden for høgttrykks blåsing med luft.

Systemet gjer det mogeleg å velgje om ein vil omdanne tørrfôr til våtfôr, eller om ein berre skal transportere tørre pellets i vatn. Transport i vatn er like effektivt som i luft og slitasjen på fôrslangane blir så godt som eliminert.

Betre fordøyelse
I tillegg til skånsam transport av fôret, så handlar det også om lågenergiteknologi og miljø. Her snakkar vi om bruk av rundt 1 kilowatt til fôring av ei merd. I eit anlegg der fôret vert transportert i luft går det med alt frå 10 til 20 kilowatt for same volum fôr.

Denne løysinga er, i fylgje Runshaug, akkurat det miljøvernorganisasjonane etterspør. Vanntransportert fôr medfører ikkje slitasje på slangane, slik tørrfôret gjer. Det er han heilt sikker på, men dersom nokon lurer, vil han gjerne at Seafarm Solutions er med i eit forsøksprosjekt for å samanlikne transporteringsmetodane.

Våtfôret gjev i fylgje Runshaug også ein positiv effekt på fisken sin fordøyelse av feitt og protein, noko som påverkar veksten. Dette er dokumentert på torsk og aure, men det er også gjennomført forsking som indikera at vi har liknande effekt på laksen. For å kunne dokumentere nøyaktig effekt på laks og presentere vitskapelege konklusjonar, trengs det fleire forsøk. Men indikasjonane så langt er veldig gode.

– Vinn-vinn heile vegen
Sist men ikkje minst så er dette den einaste teknologien som gjer det mogeleg å tilsette fôringrediensar på merdkanten. Noko som kan vere spesielt nyttig ved fôring i RAS anlegg. Til dømes kan storsmolt byggjast robust med rett fôr, noko som kan dokumenterast når den kjem i sjøen.

-Det kan handlar om at vi måler slimlaget med den unike metoden som selskapet Quantidoc har utvikla. På denne måten kan ein treffe best mogeleg med valg av fôr. Samstundes løyser ein altså miljøutfordringa knytta til mikropartiklar av plast. Dette er vinn-vinn heile vegen, seier Runshaug.