Første Østerbø Yanmar notvaskar til Skottland

Nyheter
1240

– Dette er ein notvaskar som passar godt for dei krevjande forholda i Skottland, seier seljar Kim André Eide.

– Vi hadde demonstrasjonar der i sommar og fekk vist utstyret vårt i samanlikning med andre løysingar på marknaden. Dei som var med likte det dei såg, spesielt med tanke på dieselforbruk, støy og korleis den taklar ulike utfordringar.

– Vi har selt ein del i Noreg av denne modellen, men dette er altså den første som kryssar landegrensene. Vi jobbar med å få på plass servicenett og vidare oppfølging av kundar. Både i Skottland og nordover i Noreg, seier Eide.

Dette er ein robotvaskar for oppdrettsnot styrt med joystick. Den er utvikla av Yanmar i samråd med Østerbø Maskin. Vaskaren bygger på unik patentert teknologi som brukar alt vatnet i pumpa til vask slik at det kan vaskast med lågare trykk enn andre løysingar. Vaskaren har stor kontaktflate mot nota som sikrar skånsom vask. Samstundes som den kjem til dei fleste stader og taklar røffare forhold betre enn andre.

– Overlevering er etter planen i november. No ser vi fram til å vise notvaskaren til fleire i Skottland, avsluttar Eide.