Norsk fiskeoppdrett starta på 60-talet. Opdrettsnæringa har sidan vakse og blitt ei svært sterk næring med ei årleg omsetning på ca 40 milliardar i 2013. Total produksjon var 1,25 millionar tonn, eit formidabelt tal. Slik det er i dag er kvar femte trailer på veg ut av Noreg transport av oppdrettsfisk.
99,3 prosent av produksjonen i Noreg er laks og aure og potensialet for vidare vekst og utvikling både innan laks og aure og ellers er avhengig av rammevilkår og teknologisk utvikling.
Oppdrettsnæringa utnyttar i dag våre felles naturressursar til produksjon av mat på ein svært effektiv måte. Det er ingen annan produksjon av protein i Noreg i dag som kan konkurrera med oppdrettsnæringa når det gjeld effektiv utnytting av fôrråstoff og energibruk pr produsert kilo. Imidlertid er ein av forutsetningane som låg til grunn for satsinga på oppdrettsnæringa blitt borte på vegen. Omstruktureringa har ført til at mykje av den lokale eigarskapen er borte og oppdrettsselskapa er vorten færre og større. For at lokalsamfunna der sjølve produksjonen skjer skal nyte godt av å leggje til rette for næringa skal ha noko igjen for dette ønskjer eg å presentera eit eige skatteforslag for oppdrettsnæringa.
Skatteforslaget er som følger:
Oppdrettsselskapa sin skatt, selskapsskatten, blir fordelt 50/50 mellom stat og den kommunen som produksjonen foregår. Reint praktisk må då eventuell selskapsskatt fordelast prosentvis ut frå kor mykje av selskapet ein produksjon som fann stad i den enkelte kommune.
Statistikk for produksjon finnes i dag allerede då oppdrettarane er pålagt å rapportera inn all produksjon til Fiskeridirektoratet. Statistikk over produksjonen er difor lett tigjengeleg for bruk i skattlegginga ut frå modellen.
Eit eksempel: Eit selskap får eit overskot på 100 millionar, skatten blir då 27 millionar. Fordeling mellom stat og kommune blir då 13,5 mill til kvar av desse. Dersom selskapet har produksjon i tre ulike kommunar med ei produksjonsfordeling på 10 prosent, 30 prosent og 60 prosent blir selskapsskatten fordelt tilsvarande. I kroner blir dette då: 1,35 mill, 4,05 mill og 8,15 mill.
Samme modell kan sjølvsagt og brukast på andre områder der utnytting av lokale naturressursar ligg til grunn for næringsverksemd.