Eide Fjordbruk har modernisert og utvida Nordfjord Forsøksstasjon på Isane etter at dei kjøpte verksemda før jul i fjor. Tysdag opna dei eige laboratorium plassert på fôrflåten på lokasjonen.
– Dette er eit sentralt miljø for forsking på berekraftig fôr til oppdrett. Eide Fjordbruk har som mål å sette ein standard for framtidas havbruk. Satsinga på Nordfjord Forsøksstasjoner ein del av dette. Skal vi få vekst i næringa, må vi utvikle nye fôrtypar, seier Erlend Eide (29).
Det er han og broren Sondre som driv familieverksemda Eide Fjordbruk med base i Hålandsdalen. Medan Sondre er dagleg leiar, er Erlend teknisk sjef og dagleg leiar for Nordfjord Forsøksstasjon.
– Så vidt vi veit er vi den einaste karbonnøytrale oppdrettsverksemda i verda. Det betyr ikkje at vi ikkje har utslepp, men vi gjer opp fôrutsleppa med å støtte tiltak som kompenserer, seier Eide. Han nemner tiltak for betra kokemoglegheiter i Malawi i Afrika,og vern om våtmarksområde i USA som tiltak verksemda støttar og som gjer at dei oppnår karbonnøytralitet.
Laboratorium på flåten
Eide Fjordbruksatsar for tida tungt i Nordfjord. Nyleg lanserte dei storstilte planar for satsinga SjømatStaden på Bryggja, der det er planar om lukka anlegg i sjø i kombinasjon med oppdrett på land. Denne veka opna dei eit laboratorium på forsøksstasjonen på Isane i samarbeid med Måløy Marine Ressurssenter (MMR).
Laboratoriet ligg i ein blå kontainer som er plassert ute på fôrflåten. Tanken er å sikre betre arbeidstilhøve og betre kvalitet på prøvemateriale for forskarane som jobbar med å analysere fisken. Verksemda driv med forskings- og utviklingsarbeid (FoU) påtotalt 1.300 tonn MTB.
Det var i desember i fjor det vart kjent at Eide Fjordbruk kjøpte 98 prosent av aksjane i Norsk Marin Fisk som også har FoU-lokalitetar i Hundvik i Stad kommune og Bakjestranda utanfor Iglandsvik i Bremanger. Også Isane ligg i Bremanger. Geografisk ligg dei tre lokalitetane i same fjordsystem. Anlegget i Hundvika Auster eit samarbeid med Nordfjord Laks.
Satsar tungt
I tillegg til dei 126 millionar kronene partane har opplyst som kjøpesum, har Eide Fjordbruk investert tungt i fornying og modernisering. Eide opplyser at dei har skifta ut eksisterande merdar, samstundes som dei har auka opp kapasiteten frå seks til ti merdar. Dei har også investert i fôrflåtesom er lagt til ute ved anlegget.
– Vi har rigga oss for å auke kapasiteten, og har tilsett nye medarbeidarar. Vi har no nærare ti tilsette fordelt på dei tre anlegga. Vi siktar mot nye FoU-prosjekt vi kan søkje på, og på den måten styrke fagmiljøet her for forsking på nye fôrråvarer. Det er viktig for oss å skape eit lokalt forskingsmiljø i nærleiken av fisken og lokalitetane våre, samt å publisere forskinga vår offentleg for å bidra til ei betre næring.