Fjerde fartøy i drift for Servicebåt

Nyheter
1158

«SAS Orion» er den andre overtakelsen på litt under ein månad frå same verft. Så seint som 3. oktober vart også det identiske søsterskipet «SAS Virgo» overteke og satt rett i arbeid.

Skal ha fleire
Gründarane bak reiarlaget frå Austevoll, Magne Hatlevik, Ståle Torsvik og Mons-Ove Hauge, kunne stolt overta fartøyet på Fitjar tirsdag. På under eit år har reiarlaget no satt fire fartøy i sving med oppdrag for havbruksnæringa, og karane legg ikkje skjul på at dei framleis ser framover mot fleire eigne fartøy i 2017.

«SAS Orion». Foto: Servicebåt

Reiarlaget har sidan oppstarten i november i fjor hatt servicefartøya «Malin» og «Tørres» innleigd på charter, men har no i tillegg fått to flunkande nye eigne fartøy i drift med leveransane av «SAS Virgo» og «SAS Orion». Servicebåt driv godt med tenesteyting inn mot havbruksnæringa, og sjølv om det har vist seg utfordrande å få på plass langsiktige avtalar med oppdrettskundane så er alle fartøya i full sving med oppdrag for kundar. Nyebåten «SAS Orion» går rett i arbeid med spyling av nøter, ettersom det no er høgsesong for groe og nødvendig spyling i anlegga.

Nye båtar
– Alle fartøya våre er enten heilt nye eller berre nokre få år gamle, og dei er alle godt utrusta med kranar, vinsjar, notspyleutstyr, ROV og har elles gode fasilitetar for mannskap om bord. Det er viktig med godt utrusta båtar for dei oppgåvene kundane våre ynskjer oss til, men det er minst like viktig å ha gode arbeidsforhold og godt utstyr for mannskapet om bord. Gode båtar er berre nyttige med skikkelig godt og erfarent mannskap, presiserar styreleiar i selskapet, Mons-Ove Hauge.

Reiarlaget er svært fornøgd med båtane og leveransen som er gjort av Fitjar Mekaniske Verkstad.

– Tett samarbeid med designar frå Heimli AS og omtrent dagleg dialog med verftet under heile produksjonen frå stålarbeid, via maling, utrustning og innreiing med eit verft rett i nabolaget har vore ein suksess som me der fram til å fortsetje med i 2017, seier dagleg leiar i Servicebåt, Ståle Torsvik»

SAS Virgo og SAS Orion, HFMV Type W15 Sørfonn mini klassen:

LOA                        14,95

Bredde                   10 meter

Dybde                   3,6 m

Mannskap           4 personer

Sertifisering        Liten Kystfart

Fart                        10 knop

Hovedmotorer  Nogva/Scania DI13 70M

Generatorsett   Nogva Deere 4045DFM50

Gir                          Nogva HC-258

Propell                  Nogva N4-260-1125HS

Kran                    Palfinger PK65002

Vinsj                      PMH 20 t

Nokker                 PMH 2 x 3 tonn

Spyleutstyr         MPI 5000 pumpe med 9 skivers RONC