Fiskefeller støvsugde elver for pukkellaks

Nyheter
0

Ti pukkellaksfeller i Varanger stoppa nesten alle dei 100.000 pukkellaksane som i sommar prøvde å komme seg opp for å gyte i desse elvane.

– At vi finn ned mot null pukkellaks på oversida av fellene i enkelte elvar i Varanger viser at det er mogleg å stoppe pukkellaksen, seier Eirik Frøiland, seniorrådgivar i Miljødirektoratet, i ei melding.

For å redde vår eigen laks frå å bli fortrengd av den framande arten pukkellaks, har Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i Troms og Finnmark i sommar finansiert drift av feller i rundt 30 elvar i Finnmark. Fellene skulle hindre pukkellaksen frå å komme seg opp i elvane og formeire seg. I tillegg har frivillige organisasjonar teke ut pukkellaks i 60 elvar til lenger vest.

No har dykkarar gjennomført drivteljingar på oversida av fellene i ti elvar i Varanger i Aust-Finnmark. Berre i desse elvane var det rundt 100.000 pukkellaks som prøvde å komme seg opp for å gyte, men no viser førebelse tal at det var få som klarte dette. I sju av ti elvar vart det funne færre enn 200 pukkellaks ovanfor fella, og i tre av desse elvane vart det funne færre enn fem pukkellaks som hadde sloppe forbi.

Fanget nesten 29.000 pukkellaks i éi elv
– Alle som har bidrege i uttaka har grunn til å vere fornøgde, og vi er svært takksame for innsatsen, seier Anne Fløgstad Smeland, seksjonsleiar ved Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Den elva som hadde mest pukkellaks på oversida av fella i Aust-Finnmark var Vesterelva, der 1.600 vart talt. Men som i 2021 er Vesterelva den elva der det er fanga mest pukkellaks av alle elvar i Noreg.

– Gjennom ein fantastisk innsats av Nesseby Herreds Jeger- og fiskarforeining er det teke ut 28.901 pukkellaks i Vesterelva, og det betyr at berre cirka fire prosent klarte å komme seg forbi fella, seier Eirik Frøiland.

Dei pukkellaksane som kom seg forbi fella har grave seg gjennom leire i elvebredda, eller presset seg mellom spilene i fella når det kom tusenvis samtidig.

Meir enn dobling frå sist pukkellaksinvasjon
I sommar har det vore lagt ned eit stort arbeid for å avgrense mengda av den uønskte arten pukkellaks. Totalt 240.000 pukkellaks har vorte stoppa frå å ta seg opp i elvane i Troms og Finnmark. I tillegg har eit førebels ukjent tal pukkellaks vorte teke ut i sjølaksefiske med kilenot.

Elvane blir no sjekka for å finne ut kor mange som klarte å komme seg forbi garn, nøter og fiskefeller. Førebelse tal viser altså at fellene i Varanger ser ut til å ha vore svært effektive. Rapport frå teljingane er venta seinare i haust, og denne vil omfatte elvar i heile Troms og Finnmark fylke.

I Grense Jakobselv, der det ikkje er gjennomført tiltak, auka talet på observerte pukkellaks frå 5.603 for to år sidan, til 12.280 i år. Det samla talet pukkellaks i denne elva er antakeleg mykje høgare. Riksgrensen mot Russland går i denne elva, og tala viser berre det som kan observerast frå norsk side.

–  Situasjonen i Grense Jakobselv viser korleis det ville set ut i alle elvane dersom det ikkje hadde vorte sett opp feller, seier Eirik Frøiland.