Fire nye løyve til Eide Fjordbruk 

Nyheter
1688

Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS har etter semje med staten fått tilsegn om fire nye matfiskløyve. Dagleg leiar Knut Frode Eide er glad for at den langvarige tvisten med staten er løyst og at selskapa er styrka.

Høgsterett
Tvisten starta våren 2009 då Fiskeridirektoratet lyste ut nye matfiskløyve for laks og aure i Hordaland. Eide Fjordbruk og Fyllingsnes Fisk søkte om løyve. Søknadane vart avslått. Eide Fjordbruk og Fyllingsnes Fisk klaga, men avslaga vart oppretthalde. Selskapa reiste sak mot staten fordi dei meinte avslaga var urette.

Gulating lagmannsrett avsa dom 17. desember 2014. Lagmannsretten slo fast at det var feil å avslå søknadane. Slutninga går ut på at avslaga var ugyldige og at selskapa hadde krav på erstatning frå staten. Det vart avklart i mars 2015 at anken frå staten ikkje slapp inn i Høgsterett.

Det har vore ført lange og konstruktive forhandlingar som til slutt løyste saka. Løysinga er god for selskapa og det er etterlengta med ei avklaring av ei sak som har versert i nesten sju år. Det var Advokatfirmaet Harris med advokatane Christian Schadenberg Mathiassen og Gerd Aaland Fagerli som prosederte saka for domstolane. Saman med dei har advokat Grunde Bruland frå Wikborg Rein vore Eide sin rådgjevar i tvisten og forhandlingane.

Distriktsarbeidsplassar
Løyva vil skapa etterlengta distriktsarbeidsplasser i Hordaland. Ikkje berre i Eide-konsernet, men også i tilstøytane næringar. Selskapa vil ha trong for fleire tilsette og meir eigna areal for å vidareutvikla matproduksjonen i sjø på ei god måte. Eide Fjordbruk har som visjon: ”Me skal dyrka sjøen for å auka moglegheitene til framtidige generasjonar» og ynskjer å bidra til ei berekraftig utviklinga av verda sin matproduksjon ved å produsera sunn mat i sjø.

Eide Fjordbruk hadde fire løyve til matproduksjon i sjø. Selskapet er familieeigd og vart starta i 1970. Tredje generasjon er no i selskapet. I 2009 kjøpte Eide Fjordbruk selskapet Fyllingsnes Fisk. Fyllingsnes hadde eitt løyve. Konsernet har no samla ni løyve og er godt rusta for framtida. Konsernet Eide har 36 tilsette fordelt på tre selskap. Selskapa har administrasjonen og settefiskproduksjon i Eidestøa i Fusa kommune. Matproduksjonen i sjø går føre på åtte lokaliteter i Lindås og Kvinnherad. Saman med Lingalaks har Eide starta planlegging av nytt anlegg for produksjon av mellom anna stor settefisk, Enes Inkubator i Kvinnherad.