Finio og Sulefisk kjem inn på eigarsida i den felles forskings- og utviklingsavdelinga Akvahub.
Utvidinga medfører at dei andre eigarane i selskapet no får med seg eit servicesenter i vekst og ein svært innovativ oppdrettar på laget.
Finio, med base på Sørbøvåg, hadde i fjor ei omsetjing på 7,1 millionar kroner. Verksemda tilbyr slipp for utrusting, vedlikehald og service på båtar og flåtar for oppdrettsnæringa. I 2019 har dei auka bemanninga og dei er no i dialog med nye samarbeidspartnarar som kan vere på veg inn i servicesenteret på Sørbøvåg.
Fakta
- Ei felles FoU-avdeling for verksemder med tilknyting til havbruksnæringa
- Stifta i 2016 og har i dag ni eigarar: Multivolt, Yatek, Bulandet Miljøfisk, Aqua Development, Seaweed, Skylesteinen, Aducate, Finio og Sulefisk
- Hovudkontor i Leirvik i Ytre Sogn og avdelingskontor på Marineholmen i Bergen
- Er eigarane sitt felles møtepunkt for utvikling og innovasjon
– I Akvahub sitt nettverk finn vi no ei samling av bedrifter med stor breidde og høg kompetanse innan havbruk. Vi er inne i ein fase med sterk vekst og då ser vi store fordelar ved å vere tilknytt ei slik kompetansegruppe. Vi ynskjer å bruke Akvahub sin kompetanse og nettverk inn i kommande utviklingsprosjekt her hos oss, seier Fred Åge Hyllestad, dagleg leiar i Finio.
Sulefisk driv med oppdrett av matfisk i Solund.
– Sulefisk ynskjer å vere ei innovativ og uredd verksemd med framtidsretta fokus på forsking og utvikling i havbruksnæringa. Gjennom Akvahub ser vi utvida moglegheiter til vidare arbeid knytt til fleire av våre utviklingsprosjekt. Sulefisk ser fram til eit godt og målretta samarbeid med Akvahub og nettverket det representerer, seier Michael Niesar, dagleg leiar i Sulefisk.
Akvahub har ein visjon om å vere ei drivande kraft for ei felles, berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Selskapet tilbyr eigarane kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon. Ei felles FoU-avdeling er ein ressurseffektiv måte å mogleggjere innovasjon i små og mellomstore bedrifter.
– Det er med stor glede at vi no får høve å bidra til å vidareutvikle to svært spennande verksemder i Finio og Sulefisk. Begge verksemdene har definert tydelege område som Akvahub kan bistå dei i å utvikle og dei kjem inn med kompetanse og moglegheiter som eg veit fleire av eigarane har etterspurt i det siste. Med eit veksande, ungt verft og ein innovativ oppdrettar på laget vert dei neste åra meget interessante, seier Asbjørn Dyrkorn Løland, dagleg leiar i Akvahub.