Ferdig rapportert

Nyheter
1368

Det er tidleg formiddag i Atheno sin inkubator på Stord. Kalenderen viser august 2016. Dei to Tysnes-grunderane Trond Hartvig Bakkane og Erling Aarvik Borgen i Njord Aqua er innom inkubatorlokala for å diskutere framdrifta av selskapet. Undervassoperasjonar med bruk av ROV er tenesta dei sel. Og oppdrettsbransjen er hovudmålgruppa. Det er eit drygt halvår sidan oppstart. Læringskurva har vore bratt, og døropninga til oppdrettsbransjen så smal at det har vore klemfare.

– Kva kan de gjera for å skilja dykk ut i bransjen? Kva kan de gjera betre og gje dykk konkurransefortrinn?

Spørsmåla frå Atheno sin inkubatorleiar Kjetil Djuve er både aktuelle og litt ubehagelege. Men dei opnar opp diskusjonen. Finnest det nokon ein kan spele på lag med? Kan programvareutviklar Ove Steinsland i inkubatorbedrifta Software Control vera ein medspelar? Steinsland vert tilkalla frå eit nabokontor. Dialogen er i gong.

Ove Steinsland (t.v.) og Erling Borgen

iDoc via iPad
Åtte månader etter sit Erling Aarvik Borgen og Ove Steinsland i same båt ved Uggdal på Tysnes. Monitorar er montert. Ein liten iPad er integrert. I sjøen vakar ein heilt ny ROV og speglar botnen.

– Dette vert veldig bra, konkluderer Aarvik Borgen.

Utviklar Ove Steinsland smiler nøgd. Første jobben er gjort. Pilotløysinga for digital rapportering av inspeksjonsarbeid under vassflata er klar til bruk via nettbrettet.

– Dette blir ein ny og vesentleg meir effektiv kvardag både for oss og for kundane våre. Med iDoc-løysinga til Software Control kan me ved eit trykk på iPaden trykke send rapport til kunden i det me løftar ROV-en opp i båten. På den måten unngår me timevis med etterrapportering og kunden får muligheit til ei raskare handtering vidare, konkluderer Aarvik Borgen.

Han kjenner ikkje til nokon som har liknande digitale løysingar per i dag. Veldig mange rapporterer med variantar av Excel-dokument i etterkant. Med iDoc-løysinga sparar kundane og pengar. Dette håpar han både oppdrettsbransjen og andre er interessert i å sjå fordelane av.

Spesialtilpassa
Ove Steinsland og medgründer Bernth Torsvik i Software Control utvikla iDoc i første rekke mot elektrobransjen. Møtet med karane i Njord Aqua gjorde at dei endra konstruksjonen på iDoc i forhold til det som var planlagt frå starten.

Frå denne båten skal Njord Aqua gjennomføre undervassinspeksjonar med ROV og direkterapportering til kundane frå båten med iDoc.

– Vår løysing var spissa mot elektrokontrollar. Men ved å bygge ein litt annan teknisk «grunnmur» vart det vesentleg lettare å tilpasse systemet til andre brukargrupper, fortel Steinsland.

Dei to gründerbedriftene har no inngått ein avtale om testing av produktet i ein pilotperiode på seks månader.

Effekt av inkubatornettverk
Samarbeidet med dei to grunderbedriftene illustrerer også nytten av å vere del av det største gründermiljøet mellom Bergen og Haugesund.

– Det er heilt klart at dette samarbeidet ikkje hadde kome i stand om me ikkje var del av Atheno sin inkubator. Å være del av eit miljø med muligheit for sparring rundt ulike tema og strategiar undervegs, er svært viktig som gründer. Dessutan får ein eit mykje større nettverk når ein er del av ein inkubator, fortel Steinsland.

– Det er utruleg kjekt å sjå effekten av korleis nettverket i inkubatoren fungerer, og sjå kva resultat ein kan få om ein koplar saman ulike gründerar frå ulike bransjar, legg inkubatorleiar i Atheno, Kjetil Djuve til.

Han trur det nye produktet kan vera ein døropnar for Njord Aqua inn mot oppdrettsbransjen.

Støtte frå Innovasjon Norge
Både Njord Aqua og Software Control har delt sine erfaringar på fleire arenaer for etablerarar, og begge selskapa har fått støtte frå Innovasjon Norge i utviklinga av bedriftene.

– Desse gründerane er svært flinke til å dele eigne erfaringar med andre. Ein viktig del av det å vere inkubatorbedrift. Og så er det jo veldig kjekt å sjå at støtta frå Innovasjon Norge har gjort ein skilnad. Me har eit godt verkemiddelapparat om me nyttar det på rette måten, avsluttar Djuve.

Njord Aqua satsar på nytt og effektivt undervassutstyr. Den nye Rov-en er liten men imponerande fleksibel og trygg, i følge Erling Borgen.