Fekk konsesjon til å oppdrette rognkjeks

Nyheter
1563

Vest Aqua Base skal oppdrette rognkjeks til bruk som reinsefisk mot lakselus, melder Salmon Group.

Rognkjeksen beitar lus heile året, og er difor eit biologisk alternativ til kjemisk lusebehandling, og eit skånsomt alternativ til metodar som krev handtering av fisken.

– Vi har møtt mykje positiv respons frå nærmiljøet, fylkeskommunen og Mattilsynet på dette tiltaket, seier dagleg leiar ved Vest Aqua Base, Nils Bjarte Sætrevik.

Han tek sikte på å produsere 2,5 millionar rognkjeks i året, og reknar med å sysselsetje 6-8 personar.

Eigarane av den nye rognkjeksprodusenten er Engesund Fiskeoppdrett, Eide Fjordbruk, Austevoll Melaks, Langøylaks, Troland Lakseoppdrett, Tombre Fiskeanlegg og Knut Forland Invest (eigarane av Telavåg Fiskeoppdrett) og eigarane av Vest Elektro Maritime, gjennom eigedomsselskapet VEM Eiendom.

Aksjekapitalen i selskapet er 6,5 millionar kroner.