Fekk 110 søkjarar til ledige jobbar

Nyheter
456

– 25 av søkjarane hadde relevant bakgrunn. Vi har no tilsett seks nye medarbeidarar; ein biolog, to med fagbrev i oppdrett, to med mekanisk bakgrunn, og ein frå prosessindustri, seier dagleg leiar og eigar Alex Vassbotten til Salmon Group.

Steinvik Fiskefarm har base ved bygda Eikefjord i Flora kommune, og driv sju konsesjonar for laks og aure. Produksjonen føregår i Flora og Askvoll. Alex Vassbotten grunnla og eig selskapet saman med far sin, Inge Helge Vassbotten.

I tillegg til matfiskproduksjon, har dei og eigarinteresser i settefiskproduksjon, eksportselskapet Seaborn, dykkarfirma og teknologiutvikling og utstyrsproduksjon for opprett gjennom selskapet Havsterk. Selskapet har og visningssenter for havbruk, der besøkande får lære om næringa.