Fakkeltog mot gruveplaner i Førde

Nyheter
544

Over 500 personar møtte opp til fakkeltoget «Nei til gruveavfall i Førdefjorden» som gjekk frå rådhuset til Førdehuset torsdag kveld.

– Vi er heilt overvelda over denne enorme oppslutninga, seier sekretær i Naturvernforbundet Linn Hjelmeland Finstad til Firda.

– Det at så mange er her, viser berre at det vil vere å gå baklengs inn i framtida å seie ja til deponiet, legg ho til.