Etablerer nasjonalt villakssenter

Nyheter
772

Klima- og miljødepartementet gjennomfører fleire tiltak for villaksen i 2019. Mellom anna går pengane til genbank for laksefiskbestandane i Hardanger, nytt nasjonalt villakssenter og betre overvaking av laks i Tanavassdraget.

– Neste år har vi det internasjonale villaksåret, og Noreg har eit særskilt ansvar for villaksen. Difor er det naudsynt med ein solid innsats neste år, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Regjeringa vedtok tidlegare i år å etablere ein genbank for laksefisk frå Hardanger. Arbeidet med genbanken er i gang og det blir ei stor satsing også i 2019. Det vil koste nær 70 millionar kroner å byggje genbanken. Investeringsutgiftene blir fordelt over tre år, og ein planlegg å bruke om lag 20 millionar kroner i 2019. Genbanken blir etablert i tilknyting til Norsk institutt for naturforskning sin forskningsstasjon på Ims i Rogaland.

Det blir etablert eit nytt, nasjonalt villakssenter. Senteret skal styrkje formidlinga av kunnskap om vill laksefisk. Regjeringa følgjer dermed opp Stortinget si handsaming av budsjettet for 2018. Det blir sett av om lag 7,4 millionar kroner til drift av senteret, som er planlagt med fire driftseiningar fordelt frå sør til nord i landet. Kommunane Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana har tatt på seg å vere vertskommunar for dei fire einingane.

Det blir òg tatt i bruk ein modernisert metodikk for overvaking av laks i Tanavassdraget og gitt tilskot til spesielle tiltak i samband med villaksåret. Til desse formåla er det sett av tilsaman om lag 5,6 millionar kroner.