Er overbevist om framtida til RAS-anlegg 

Nyheter
0

Dagleg leiar ved Sande Settefisk, Tom Wilke, omtalar RAS-teknologi som «fantastisk» etter at han har jobba med teknologien i eit år.  

Det nye smoltanlegget til Sande Settefisk på Rygg i Gloppen har to RAS-avdelingar, ei til laks og ei til ørret. Den gamle delen av anlegget nyttar gjennomstrøyming. Anlegget tek inn ferskvatn frå Ryggelva som renn rett bortanfor. Men NVE har sett avgrensing for kor mykje vatn anlegget kan ta frå elva. Dermed er resirkulering (RAS) teknologien ein tek i bruk når produksjonen skal femdoblast når siste byggetrinn er klart, etter planen mot slutten av 2022. 

– Berre starten
– Eg har jobba med gjennomstrøyming i 30 år, og RAS-teknologi i eitt år. Og er synes RAS er fantastisk. Men ein må vere lys vaken heile tida, seier Wilke. 

Settefisk i kara hos Sande Settefisk på Rygg utanfor Sandane. Jørn-Arne Tomasgard

Han er utdanna marinbiolog, og er opphavleg frå Connecticut i USA. I samband med eit besøk hos ein kompis på Sande Settefisk i 1988 traff han Rakel Odny Rygg. Sju år seinare flytta dei saman til Rygg der dei i dag er busett på hennar slektsgard. Begge jobbar i Hyen Fisk-systemet. 

Ein del aktørar i oppdrettsbransjen er skeptisk til RAS-teknologien grunna meir komplisert biologi med ein del fiskedød som følgje. 

– Vi må hugse at vi berre er i barndomen til RAS-teknologien. Det skjedde ein del med settefisk på 1980-talet også. Eg var med i oppdrett då vi byrja tilsette oksygen. Det er ei utvikling heile vegen, også i RAS, seier han. 

Foto:Jørn-Arne Tomasgard

Bakteriekulturen er nøkkelen
Wilke seier nøkkelen er å skjønne bakteriekulturen i biofiltra. 

– Det er i biofiltra ting skjer, og det handlar veldig mykje om rett dosering. Bakteriane i biofiltra rensar vatnet for avfall frå fisken. Til dømes blir urin omdanna til ufarlig stoff slik at vatnet kan resirkulerast. Problemet er om det byggjer seg opp Hydrogensulfid, H2S. Det er veldig giftig for fisken i små mengder. Det kan til dømes oppstå dødsoner inne i eit hjørne, der det blir miljø utan oksygen. Du er avhengig av å skjønne parametra, og kva du måler. Kva respons du må ha i tilfelle avvik. Du må skjønne responsen og kva det vil medføre. Får du dette til, er gjenbruk gunstig, meiner Wilke. 

* Nordfjord Laks sin lokalitet Haneholmen ved Anda vann i slutten av mars prisen Vinn i Vest som fiskefôrleverandøren Cargill, tidlegare EWOS, delar ut til lokalitetar som klarer å utnytte fôret på best mogleg måte. Prisen vart oppnådd for generasjonen ørret sett ut hausten 2018. Kåringa vert føreteken etter parametra hurtigast tilvekst, best fôrutnytting og høgast overleving. 

Sande Settefisk har løyve frå NVE til å hente 14 kubikkmeter ferskvatn frå Ryggelva frå april til desember. Om vinteren kan dei hente 7,5 kubikkmeter. Løysinga i samband med utviding av produksjonen er å nytte resirkulering av vatnet. Foto: Jørn-Arne Tomasgard