Eks-Mowi-sjef valgt til ny styreleiar i Steinvik Fiskefarm

Nyheter
0

Generalforsamlinga i Steinvik Fiskefarm har i møte 13. januar valgt Alf-Helge Aarskog som ny styreleiar i selskapet.

Aarskog er godt kjent i næringa med lang og verdifull erfaring. Deriblant ni år som konsernsjef i Mowi.

”Steinvik Fiskefarm er glade for at Alf-Helge har takka ja til å leie selskapet fram i ei spennande tid. Alf-Helge vil spele ei sentral rolle for korleis Steinvik Fiskefarm skal utvikle seg dei kommande åra,” skriv selskapet i ei melding.

Steinvik Fiskefarm vart stifta i 1986 av Inge Helge og Alex Vassbotten og driv produksjon av laks, settefisk og rensefisk. Dei siste åra har Steinvik Fiskefarm satsa tungt på storsmolt i Svelgen i kombinasjon rognkjeks og berggylte. Selskapet har som visjon om å fortsette å investere, utvikle og posisjonere seg for framtida med lokal forankring. Målet med satsinga på storsmolt i Svelgen er å auke snittvekta på fisken som blir sett ut i sjø og derav redusere produksjonstida.

Aarskog avløyser gründer og eigar Inge Helge Vassbotten.

”Steinvik Fiskefarm vil på vegne av familien og tilsette takke for uvurderlig innsats som styreleiar sidan oppstart av virksomheita. På grunnlag av Inge Helge sine visjonar, arbeidsmoral og klokskap har Steinvik Fiskefarm utvikla seg til å bli eit veldreven og solid selskap med fokus på lokal verdiskapning. Inge Helge vil halde fram som styremedlem i selskapet.”

Inge Helge Vassbotten