Det totale utbudet av laks og aure i 2015 var på 1302 100 tonn, ein auke på to prosent frå 2014, og det har aldri vore så mykje laks tilgjengeleg på verdsmarkanden.
Betre konkurranseevne
Frå 2005 og fram til og med 2015 har produksjonskostnadane i Noreg auka med 70 prosent. Men sidan produksjonskostandane i Chile har auka med over 100 prosent, har norske produsentar likevel auka si konkurranseevne.
Nedgang i produksjonen
Liabø sine estimat for 2016 er ein produksjonsnedgang i Noreg på tre prosent, det same gjeld på verdsbasis. Men sjølv om vi ikkje vil få ein volumvekst i åra som kjem, så kunne Liabø spøkefullt garantere at innteninga i 2016 er høgare enn produksjonskostnadane.